Dei Beste Damene (N)
Dei Beste Damene deler entusiasmen for friheiten, fargene og formene i den solistiske hardingfelemusikken, og når dei tre solistane møtest er ønskjet deira å formidle mangfaldet av uttrykk som finst i dette repertoaret.
Som representanter for tradisjonell hardingfelemusikk frå Hardanger, Telemark, Sogn og Valdres, forvaltar dei eit relativt ulikt repertoar med tanke på form og stil, og skilnadene blir ytterlegare forsterka av dei sterke personlege uttrykka til dei tre. På konserten spelar dei i all hovedsak solo, men i nøye utvalde samspelnummer blir det feit, frekk og drivande felelyd frå damer med unisone bogedrag.
Teigland, Hytta og Bjørset er alle meritterte utøvarar med lang og brei erfaring som musikarar i ulike konstellasjonar. Som solistar har dei alle tre gitt ut kritikarroste soloplater, og hausten 2010 er Dei Beste Damene plateaktuelle.
Synnøve S. Bjørset | hardingfele
Åse Teigland | hardingfele
Anne Hytta | hardingfele
LYDSJEKK // http://www.myspace.com/greatestgirls


