Djønno Folk (N)
Rannveig Djønne frå Djønno i Hardanger er ein nyskapande toradarspelar med ein solid porsjon tradisjonskunnskap i botnen. Som ein av få her i landet som lever av å spele toradar er ho aktiv både som solist, i eiga trio Djønno folk og med ymse andre grupper. Djønne vart Noregsmeister i durspel i 1993 og 1994, og er fleire gonger vestlandsmeister i durspel.
Trioen har byrja å arbeide inn nytt materiale som består av Djønne sine komposisjonar, men
hovudvekta av slåttane i konsertprogrammet er tradisjonelle hardingslåttar.
Med CD-utgjevinga Spelferd heim – slåttar frå Hardanger og Voss på durspel har ho markert seg som ein aktiv utøvar på den norske folkemusikkscena i dag. CD-en er utgjeven på eige plateselskap Djønno Records, og vart nominert til Norwegian Folk Music Award i fjor.
Rannveig Djønne | toradar
Anders Hall | fele
Inger Elisabeth Aarvik | trøorgel
LYDSJEKK // http://www.myspace.com/rannveigdjonne


