Gard Nergaard (N)
Musikken frå Marnardal i Vest-Agder har eit lyrisk og melodiøst føredrag heilt ulikt musikken i alle dei områda som ligg ikring. Her kjem felespelaren Gard Nergaard frå. Dalen markerer grensa mellom aust og vest på Agder, og kanskje kan det passe å kalle dalen ein smeltedigel mellom ei rekkje ulike tradisjonar både frå inn¬– og utland. Musikken har jamn og markert takt med sterkt driv. Om det er denne smeltedigelen som har forma det musikalske sinnelaget til Nergaard, skal vere usagt, men sikkert er det at Nergaard er ein utøvar som rettar blikket utover samstundes som han er oppteken av det eldre lokale spelet.
Gard Nergaard går i lære hjå Halvdan Furholt og Paul Sveinall, båe to solide spelemenn frå Agder, og hjå jazzfiolinisten Sebastian Grüchot.
I fjor gav han ut CD-en Dalstroka innafor saman med felespelarane Tor Hoslemo og Johanne Flottorp, med Daniel Sandén-Warg som produsent.
Gard Nergaard | fele, hardingfele


