Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk
29. sept. - 1.okt. 2011

Geitungen (N)

- Hits frå ei svunnen tid

Trioen Geitungen presenterer låtar som ein gong var populærmusikken blant festsugne utkant-rogalendingar, låtar som var på topplista av låtar som ein helst ville høyra når ein gjekk til dans – hits frå ei svunnen tid. Geitungen spelar låtane i tråd med godt dansespel nettopp frå desse kantane og denne tida. Klangbiletet er farga i samspel mellom feler, toradar, mandolin, hardingfele, mandola og gitarar fordelt på dei tre musikantane. Uttrykket er enkelt og musikken spenner seg frå lun og varm masurka til heite og yppande hopsarar og syrlege valsar, med til tider nokre influensar frå meir nåtidig populærmusikk og spelestil i arrangementa. Gjennom sitt lunefulle og eggande spel, tar Geitungen lyttaren med tilbake i tid, langt ut til dei halvmørke dansegolva i dei litt meir festlege delane av utkant-Rogaland.

Geitungen har i dag tre plater bak seg, Vaniljesaus (2001), BRA KAST (2005) som blant anna fekk pris for beste plate i åpen/eksperimentel klasse ved Norwegian Folk Music Awards 2005, og Langt Ute (2010) som er aktuell i desse dagar. Saman er desse tre blant dei fremste utøvarane av rogalandsk folkemusikk i dag, inspirert av samtida og tradisjonen. Dei representerer ein levande samspelstradisjon av i dag som unner tradisjonen eit lite friskt pust rett inn i øyra!
 

Vidar Skrede | hardingfele, fele, gitarar
Olav Christer Rossebø | fele, mandolin, mandola,gitar
Håvard Ims | toradarar
 

LYDSJEKK //  www.geitungen.no