Language Norsk - NorwegianLanguage English - Engelsk
29. sept. - 1.okt. 2011

Majorstuen

- Speleglede og uslåeleg samspel

Majorstuen har i løpet av si 10-årige historie sett ny standard for arrangert folkemusikk i Norge. Musikken deira er akustisk, perfeksjonert og sjølvsikker. Ensemblet har omfattande turnéverksemd over heile verda, og tidlegare i år spela dei for utseld hus på Théatre de la Ville i Paris, ei av dei mest prestisjefylde scenene for verdsmusikk.

Ensemblet starta samarbeidet i 2000, då fleire av dei gjekk på Musikkhøgskolen i Oslo saman. Det tradisjonelle felespelet og folkemusikken sine stiltrekk og estetikk ligg til grunn for ensemblet sitt uttrykk, men Majorstuen låner også stilelement frå andre sjangrar. Feler er hovudinstrumenta, men lydbildet blir komplementert av fleire strykeinstrument som oktavfeler, bratsj og cello. Alt repertoar arrangerast av eit samla Majorstuen, noko som har vore med på å forme ensemblet sin eigenart og særprega klang. Ensemblet kan vise til omfattande konsertverksemd i inn- og utland. Som første norske ensemble fekk dei offisiell showcase på Womex i 2007.

Majorstuen vart dei første vinnarane av Rikskonsertane sitt lanseringprogram INTRO-folk, og samarbeidde i perioden 2005-2007 med Rikskonsertane om ei rekkje lanseringstiltak.
I 2010 marker Majorstuen 10 år som ensemble med CD-en Skir og jubileumskonsertar.

Jorun Marie Kvernberg | fele
Gjermund Larsen | fele
Synnøve S. Bjørset | fele og oktavfele
Andreas Ljones |  fele og oktavfele
Tove Dalbakk | fele og cello

 


 

LYDSJEKK // http://www.myspace.com/majorstuen