Language Norsk - NorwegianLanguage English - Engelsk
29. sept. - 1.okt. 2011
M�te: Dansarane Martin Myhr og Solveig H�rdnes i �l kulturhus saman med spelemann Einar Olav Larsen.
M�te: Dansarane Martin Myhr og Solveig H�rdnes i �l kulturhus saman med spelemann Einar Olav Larsen. Bernt Ivar Bergum

Møte (N)

- Intensitet, attrå, glede og råskap

Musikk vert til dans; Han møter henne – på eit dansegolv. Møte er ei unik danseforestilling som presenterer norsk tradisjonsdans i eit moderne scenespråk.
Forestillinga handlar om relasjonar mellom menneske fortald med dansen og musikken sitt språk. Dei norske folkedansane gjev grunnlaget for både humoristiske, alvorlege og ubeskrivelege sinnsstemningar framført med intensitet, attrå, glede og råskap.

Martin Myhr og Solveig Hårdnes syner eit breitt kjenselspekter i forestillinga, som knapt inneheld eit einaste ord.

Solveig Hårdnes og Martin Myhr er leiande lausdansarar i Noreg. Myhr har arbeida som frilans lausdansar sidan 80-talet. Han har vunne landskappleiken eit uttal gonger og han har medverka i ei mengd teaterframsyningar, seinast i Tryllefløyta – ein folkeopera. Hårdnes er leiande kvinneleg lausdansar i Noreg. Dei siste åra har ho mellom anna medverka i framsyningane Skal – skal ikkje, Laus og Jenta som ingen kunne målbinde.

Einar Olav Larsens frå Verdal er ein av landets fremste spelemenn, og verkar både som solist og i ei rekkje ensemble.

Solveig Hårdnes | dans
Martin Myhr | dans
Einar Olav Larsen | musikk