Ette Lykkja_Aslak_Brimi

Ette Lykkja - Aslak Brimi

Aslak Brimi spelar her slåttar etter spelemannen Ola Moløkken (1871-1957) "Det er i heimgrenda Garmo i Lom eg har musikkrøtene mine. Her var Ola Moløkken (1871-1957) den store spelmannen frå slutten av 1800-talet. Det var ikkje mange kjende spelmenn da Ola var ung og aktiv spelmann. Men rundt Ola vaks det opp eit rikt musikkliv med mange dyktige felespelarar. Dette har halde seg til vår tid. Ola er eit svært viktig bindeledd mellom århundra; mellom dei eldste spelmennene og dei som kom etter. Han var læremeister og stilskapar for alle utover 1900-talet, og er framleis ei viktig kjelde for oss spelmenn i dag. Med ette ́ Lykkja meiner eg både musikken vi har frå Ola, samt musikken og musikarane som kom etter han. Ola laga også slåttar, noko som inspirerte yngre spelmenn til å gjere det same. Også meg sjølv. Musikktradisjonen vi har i bygda i dag har framleis mykje Ola i seg. Min musikk har eg fyrst og fremst etter far min. Far min var på si fyrste øving i spelmannslaget i 1955. Dette var og den siste til Ola Moløkken. Tomrommet etter Ola fylte seg etterkvart med nye og dugande spelmenn. Og slåttane hass Ola blir lærte og brukte. Den store og gjæve spelmannen får framleis fortent merksemd". Aslak Brimi.

Hør Ette Lykkja på Spotify

Plateselskap: ta:lik

Ole Nilssen - Premiér, Talik

Premiér - Ole Nilssen

"Mor, far og pols. Det var mine første ord. På to bein, med støtte frå stuebordet og med lett og gyngande svikt i knea, masa eg støtt om å få høyre Borghildpolsen frå CD-spelaren. Kvar einaste sommar, frå me var heilt små, fekk eg og syster mi, Anne, vere med på kappleikar og festivalar, dansefestar og danseøvingar. Mor og bestemor lærde meg å danse, far og bestefar lærde meg å spele. Det måtte gå som det gjorde. Bestefar inviterte meg kvar veke til lekse- og torada rkafé. Me rekna matematikk, åt middag, drakk kaffi og spelte toradar. Seinare fekk eg mitt første kromatiske trekkspel, og etter to år med iherdig øving starta eg ved folkemusikklina på Vinstra vgs. Her møtte eg eit fantastisk miljø med musikksvoltne jamaldringar frå heile landet. Tom Willy Rustad styrte skuta, og kursen vart sett mot Norges Musikkhøgskole (NMH). På NMH var det hardt arbeid, uendelege øvingsøkter og mykje nytt som skulle lærast. I tillegg til kyndig rettleiing frå mellom andre Jon Faukstad og Jo Asgeir Lie, har mine dyktige og kunnskapsrike medstudentar vore med på inspirere mi utforsking av folkemusikkverda. Slåttane du får høyre på denne plata er slåttar eg har spelt sidan eg var liten, slåttar eg nettopp har oppdaga, slåttar eg har lært av andre, og slåttar eg har funne i gamle notebøker. Gamle slåttar og nye slåttar. Håpar det fell i smak." Ole Nilssen.

Hør Premiér på Spotify

Plateselskap: ta:lik

Strimur - Anne Hytta, Talik

Strimur - Anne Hytta

Hardingfelespiller Anne Hytta er ute med albumet Strimur, en serie funklende nye tolkninger av et knippe gamle slåtter fra Telemark. - Jeg håper lytteren opplever noe forunderlig, noe fint, noe djervt og noe skjørt i musikken, sier felespilleren selv. Med utgivelsen går Hytta tilbake til røttene, tilbake til slåttene. De siste årene har hun brukt mye tid på å skape sin egen musikk, og på å finne veier for hennes personlige spill på hardingfela i møte med musikere fra andre sjangre.

Hør Strimur på Spotify

Plateselskap: ta:lik