Unni Boksasp Ensemble (N)
Unni Boksasp Ensemble starta våren 2007. Da handplukka folkesongaren Unni Boksasp ulike musikarar til å bli med på cd-en Songar frå Havdal, med songar etter hennar hovudkjelde Magnhild Almhjell.
Utgangspunktet for repertoaret i ensemblet er Unni Boksasp sine tradisjonelle songar frå Nordmøre og nykomposisjonar. Unni Boksasp og ensemblet har stor tru på krafta i det folkemusikalske uttrykket, samstundes som dei har eit leikent uttrykk i musikken.
Unni Boksasp Ensemble slepper ny CD, Keramello, i mai i år.
Unni Boksasp | vokal, zitter
Jorun Marie Kvernberg | fele, hardingfele, vokal
Olav Mjelva | fele, hardingfele, oktavfele, vokal
Magne Vestrum | kontrabass, vokal
Trygve Brøske | trøorgel, vokal
Petter Berndalen | perkusjon
LYDSJEKK // http://www.myspace.com/unniboksasp


