×

☰ Meny
Bytting, Foto Signe Fuglesteg Luksengard - nettside

Bytting

Torsdag kl. 17:30

SHOWCASE:
Torsdag på Hovedscenen kl. 17:30

«Ei jente spring åleine heim frå stølen på bufardagen. Storesyster, mor og far kjem etter same vegen, men når dei kjem fram til tunet er ikkje jenta der. Dei leiter heile natta og dagen derpå, til dei til slutt finn luva og gjetarstaven hennar ved ei myr. Jenta har vorte haugteken.

Ei kvinne ventar born. Ho er åleine på eit lite åsbruk som ligg for seg sjølv. Ho føder ein gut, men så kjem uvissa. Er det hennar gut?»

«Bytting» er ein nyproduksjon der dansen, musikken og forteljinga går hand i hand. På scena står Silje Risdal Liahagen og Elisabeth Syrdahl Ellingsen, begge aktive folkedansarar og musikarar gjennom mange år. Dei to kvedarane og utdanna musikalartistane trør no til med si eiga førestilling, med manus av Eldgrim Springgard og regikonsultasjon og instruksjon frå Indra Lorentzen. Saman med komponist og multiinstrumentalist Selma French Bolstad og perkusjonist Christian Svensson skapar dei ei historie med klangbotn i overtru, tradisjon og folkekultur.



Bytting er:
Silje Risdal Liahagen - sanger, danser og skuespiller
Elisabeth Syrdahl Ellingsen - sanger, danser og skuespiller
Selma French Bolstad - hardanger d’amore, gitar, nøkkelharpe og sang
Christian Svensson - perkusjon


Medvirkende:
Idé og konsept: Silje Risdal Liahagen og Elisabeth Syrdahl Ellingsen
Manusforfattar: Eldgrim Springgard
Komponist: Selma French Bolstad
Regikonsulent/instruksjon: Indra Lorentzen


Kontaktinformasjon:
Elisabeth Ellingsen
esellingsen1@gmail.com
 

Web: https://vimeo.com/236414639
 

Bytting, Foto Signe Fuglesteg Luksengard - nettside_800x338.png

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

 


 

Møst logoOslo kommune logoSamspill