INTRO-folk finale lørdag kl 18:30 på klubbscenen

Frå innleiande rundar på Folkemusikkveka, Førdefestivalen og Telemarkfestivalen er no tre av artistane klare til finale under Folkelarm som vert arrangert på Riksscenen 8. – 11. november. Der vil ein jury på tre personar kåre ein vinnar som vert Årets unge folkemusikar 2018! Premien vert delt ut under Meisterkonserten i Den Norske Opera og Ballett 11. november. Vinnaren får då kvittere med ein slått i Operaen.

Gramostipend på 100 000 kr
«GRAMO er glade for å ha inngått et samarbeid med FolkOrg om INTRO-folk 2018. I Gramo er vi blant annet opptatt av å fremme norske musikere, og dette er en fin mulighet for oss å støtte unge lovande talenter i startgropa av karriera si. GRAMO er spente på hvem som blir Årets unge folkemusiker 2018 – og vinner av GRAMO-stipend på 100 000 kr!» -Suzanne Nyhuus, GRAMO

 

Finalist - Rasmus

Rasmus Kjorstad

Rasmus har sidan ungdomsskulealder interessert seg for slåttespelet og historiene knytt til tradisjonen i Midt-Gudbrandsdalen, med Erik Bjørke som fremste læremeister. Frå han har han lært, og lærar fortsatt, slåttar etter store kjelder som Iver Storodden, Pål Kluften og Hjalmar og Redvald Fjellhammer for å nemne nokon. Ein personleg stil er viktig og han er alltid på leit etter nye klangar, ornament og andre detaljar som han finn særmerkt. Ambisjonen er å ha eit rått og upolert musikalsk uttrykk. Rasmus er inne i andre avdeling som folkemusikkstudent ved Norges musikkhøgskule. Han spelar i gruppa Morgonrode, som han starta saman med Helga Myhr og Selma French Bolstad. Saman med bror Hans ga han ut albumet Pusinshi Ulla i oktober 2016. Dei spelar jamleg på store festivalar og scener, anten som duo eller saman med musikarar som Anders Erik Røine, Hans Hulbækmo og Torgeir Vassvik.

Rasmus Kjorstad er født i 1996, frå Sør-Fron

Finalist - Ingvild

Ingvild Blæsterdalen

Ingvild har vakse opp i folkemusikkmiljøet på Røros og vart tidleg drege (frivillig) med i Glåmos spellmannslag. I tillegg har musikkarven frå Folldal vore ein naturleg input via hennar folldalske mor. Vidare gjekk turen til folkemusikklinja på Vinstra VGs, og så til Noregs Musikkhøgskule, der ho var på utveksling i Stockholm eit av åra. Ingvild er ein allsidig folkemusikar, som i tillegg til å dyrka det tradisjonelle, òg jobbar mykje med nyskaping, både på fele og gitar. I 2017 slapp ho debutplata, «Stayer», med Ingvild Blæsterdalen Trio, som spelar hennar eigne folkemusikk-komposisjonar. I vår er dei aktuelle med barnetilstellinga «Eleseus tegnelaboratorium». Elles er Ingvild fast medlem i Sjuende far i huset, og opptrer ofte i duo med ektemannen Einar Olav Larsen eller i duo med Synnøve Brøndbo Plassen. Ingvild er mykje brukt som instruktør og jobbar òg i kulturskulen i Verdal.

Ingvild Blæsterdalen er født i1989, frå Røros

 

Finalist - Ole

Ole Nilssen

I 2017 gav Ole ut si første soloplate, ”Premiér”. Plata er eit portrett av han som utøvar på trekkspel, og inneheld både tradisjonelle og meir nyskapande uttrykk innan folkemusikken. I samband med lansering av plata har han spelt kring 40 solokonsertar landet over i 2017, på alt frå store scener på store festivalar til små, intime scener på den lokale bygdepøbben. Han var ein av artistane under Folkelarm 2017, og plata vart nominert til folkelarmprisen for beste soloplate. Ole har dessutan fått svært gode meldingar i både fagtidsskrift og media generelt.

Ole Nilssen er født i 1993, frå Løten