×

☰ Meny
Bladslipp

Folkemusikks bladslipp

Får du fot? Bli med og snakk om musikken på Folkelarm 2021!


Magasinet Folkemusikk feirar at det siste bladet for i år er ute. Bli med og feir – med å snakke om musikken på Folkelarm med oss!

Anten det er snakk om kritikk, kronikk, intervju eller andre former: Språket om musikken er ein av dei viktigaste reiskapane til eit musikkmagasin. Folkemusikken stilnar og stivnar aldri, og det kan ikkje språket om musikken gjere heller. Vi ønsker å utforske og utvikle dette språket i ei open samtale som skal bli til ein podkast, publisert neste år i Folkemusikks podkast sesong 2.

Du får høyre musikk av mange av artistane som skal spele på Folkelarm 2021. Redaktør Audun Stokke Hole og folkesongar, politikar og skribent Sigrid Randers-Pehrson spelar og pratar om musikken, og vil ha alle dykk som er til stades med i samtala. Korleis vil du skildre denne musikken? Kva ord kan vi nytte om han? Kva assosiasjonar vekker han? Folkelarm er ein marknadsplass for norsk og nordisk folkemusikk – kva for publikum tenker du denne musikken passar godt for?

Vi pratast i lavvoen! Det er fyr på peisen, og vi serverer noko varmt å drikke – og byr sjølvsagt på siste utgåva av magasinet Folkemusikk.

Samspill