×

☰ Meny

Gro Kjelleberg Solli

Torsdag kl. 17:30 / kl. 20:10 & Fredag kl. 18:30

SHOWCASE:
Torsdag på Klubbscenen - NRK Folk:LAB kl. 17:30
Torsdag på Intimscenen kl. 20:10
Fredag på Taket kl.18:30

Gro Kjelleberg Solli, nordmøring busett i Os i Nord-Østerdalen, er aktuell med plata «Stien eg fann» på plateselskapet Ta:lik. Dette er hennar første soloalbum, og første gong ho presenterer eigenskrive materiale. I tillegg serverer ho tradisjonell folkemusikk og viser frå Møre og Romsdal og Fjellregionen.

Solli har tidlegare medverka på ei rekkje sceneproduksjonar og plater. To av platene er blitt spelemannprisnominert: «Til deg» (2003) med vokaltrioen Tre Begrædelige Piger og «Juledrøm» (2006) med Majorstuen. Solli har òg vunne A-klassa i vokal på Landskappleiken to gonger, seinast i 2012. Medmusikarane Øystein Sandbukt, Marit Aspås og Erik Fostervoll har ho samarbeidd lenge med, og saman får dei fram eit særeige uttrykk som kler musikken. Sollis eigenskrivne vise  «Naboens gyngestol» er blitt svært godt motteken, og er for tida A-lista i NRK Møre og Romsdal.

No gler ho seg til å presentere musikken og medmusikarane for eit større publikum. Velkomne til ein stemningsfull konsert med musikkuttrykket Gro fann: setertonar, vuggande bånsullar, forteljande viser og salmar i friske arrangement.



Gro Kjelleberg Solli er:
Gro Kjelleberg Solli - vokal og lyre
Øystein Sandbukt - gitar
Marit Aspås - cello
Erik Oddmund Fostervoll - trøorgel


Kontaktinformasjon:
Gro Kjelleberg Solli
post@grokjellebergsolli.no
 

Web: http://grokjellebergsolli.no/
 

Gro Kjelleberg Solli, Foto Marius Beck Dahle - nettside_800x338.png

Foto: Marius Beck Dahle