×

☰ Meny
Foto: Marius Beck Dahle

Jorun Marie Kvernberg (N)

Jorun Marie Rypdal Kvernberg er ein energisk og allsidig felespelar. Ho er kjent for si gode formidlingsevne og for si sterke sceneutstråling. Med det varme og gnistrande felespelet sitt trollbind ho publikum både nasjonalt og internasjonalt, og gjer den solistiske folkemusikken fra heimfylket levande og aktuell for eit breitt publikum.

I Kvernberg si solosatsing er det slåttemusikken frå Møre og Romsdal som står i høgsetet, og ho er ein av få felespelarar som fordjupar seg i felemusikken frå denne regionen. Spelet hennar vekslar mellom skarpskorne polsdansar frå Nordmøre, muntre danseslåttar frå Romsdalsøyene og klangfulle songar.

Jorun Marie Kvernberg er fyrst og fremst felespelar, men er også ein ettertrakta komponist og ein dyktig songar. Som ein del av solosatsinga si presenterer Kvernberg eit utval songar der ho på imponerande vis akkompagnerer seg sjølv på fele og hardingfele.  I tillegg til å vere ein kjend solist, spelar ho i grupper som Tindra, Majorstuen og Unni Boksasp Ensemble. 
På Folkelarm ventar vi oss ikkje noko mindre enn ein konsert i øvste klasse frå denne eminente artisten.

Jorun Marie Kvernberg | fele, hardingfele, song 

 

VIDEO

 

SamspillMøst logoOslo kommune logo