×

☰ Meny
Ingebjørg Lognvik Reinholdt_foto_IdunEmilia LervikRøsen

Ingebjørg Lognvik Reinholdt

FOLKELARMARTIST 2020



Ingebjørg Lognvik Reinholdt (NO)

Ingebjørg Lognvik Reinholdt er ein kvedar frå Seljord i Telemark. Mens andre ungar høyrde på Spice Girls og dansa til «Scatman», gjekk sju år gamle Ingebjørg opp til Ragnar Haugstøl og lærde seg gamle Seljords-viser. Sidan den gong har ho kveda, sunge viser, spelt teater, heldt konsertar og kurs, og tilbrakt dagane saman med grammofon- og arkivmateriale - fordjupa i folketradisjonane og kulturhistoria vår. Og ho har fortsatt å utvikle sin eigen klang saman med Agnes Buen Garnås, Øyonn Groven Myhren og Unni Løvlid. Ingebjørg er ein allsidig kvedar, kjent for si varme stemme, stilkjensle og forteljarevne. Ho har laga forestillinga «Guro Heddelid» for Riksscenen, «Brokete lauv» for Telemarkfestivalen, sunge for store og små med vokalduoen Fivil og vokaltrioen IMOG, og turnerer med konserten «Burns på dialekt» med Åsmund Nordstoga​.​ For tida er ho aktuell med plata «Klokkur som ringjer deg heim», ei plate med songar som spenner i tid frå ballade frå mellomalderen til politisk vise frå 80-talet. Blant skrapete gamle voksrullopptak av gløymde skattar og unike noter frå 1850, har ho funne stor musikalitet og gripande soger om levd liv.

Frå meldingane av plata:
«En virkelig lytteropplevelse.(..) Sangene byr på fabelaktige, mange ganger også universelle fortellinger, formidler uttrykksfullt og vakkert gjennom Lognvik Reinholdts klare stemme» Vårt land, Ole Johannes Åleskjær. «Heilstøypt, vakkert og interessant.(…) Her får Ingebjørg fram ei eineståande stemning med si varme røyst og gode formidling. Skaff deg plata og gjev deg sjølv ei god stund!»


Ingebjørg Lognvik Reinholdt er:
Ingebjørg Lognvik Reinholdt - vokal


Ingebjørg Lognvik Reinholdt - YouTube
Ingebjørg Lognvik Reinholdt - Spotify


Kontaktinformasjon:
Ingebjørg Lognvik Reinholdt
www.ingebjorg.no
+ 47 958 03 330
ingebjorglognvik@gmail.com

 



Ingebjørg Lognvik Reinholdt (ENG)

Ingebjørg Lognvik Reinholdt is a traditional singer from Seljord in Telemark. While other kids listened to Spice Girls and danced to Scatman, Ingebjørg walked up to Ragnar Haugstøl’s house and learnt old songs from Seljord. Since then, she has performed folk songs solo, with bands, in theatre shows, in workshops, and has studied Norwegian folk traditions and cultural history. She continued to develop her sound with Agnes Buen Garnås, Øyonn Groven Myhren and Unni Løvlid.

Ingebjørg Lognvik Reinholdt is a versatile folk singer, known for her warm sound, folk singing style and storytelling.

Ingebjørg Lognvik Reinholdt is:
Ingebjørg Lognvik Reinholdt - vocals

Ingebjørg Lognvik Reinholdt - YouTube
Ingebjørg Lognvik Reinholdt - Spotify

Contact:
Ingebjørg Lognvik Reinholdt
www.ingebjorg.no
+ 47 958 03 330
ingebjorglognvik@gmail.com

 

Ingebjørg Lognvik Reinholdt_foto_IdunEmilia LervikRøsen.web.jpg

Fotograf / Photograph: Idun Emilia Lervik Røsen