SHOWCASE:
Torsdag på Klubbscenen - NRK Folk:LAB kl. 18:45
Torsdag på Intimscenen kl. 21:30
Fredag på Intimscenen kl. 18:20

Johanne Flottorp frå Åmli i Aust-Agder er ein allsidig musikar og ein stødig solist på hardingfele. Spelestilen hennar er energisk og kraftfull, ho jobbar med det råe og kvasse i uttrykket der det trengst, og kombinerer det med det såre og vare der det høver betre.

I tillegg til å spele nokre former slik ho har lært dei av læremeistrane sine, synest ho det er viktig å setje sitt eige stempel på spelet. Dei to siste åra hennar på Noregs musikkhøgskole tok ho tak i småslåttar frå heimtraktene og byrja å forme dei litt om. Det same prosjektet har ho halde fram med etter enda studiar i 2017, og i september sleppte ho si første soloplate «Hardingfele».

Ved sida av å vere hardingfelesolist, gjer Flottorp seg merkt med fela i Oslos stadig veksande country/americana-miljø. Ho spelar også i trioen Raabygg, Folkelarm-artist i fjor, som konsentrerer seg om folkemusikk frå Agder. Til Folkelarm kjem ho med favorittslåttane sine, alt frå velkjende setesdalsgangarar i nye former til ukjende teleslåttar som ikkje legg noko imellom.



Johanne Flottorp er:
Johanne Flottorp - hardingfele


Kontaktinformasjon:
Johanne Flottorp
Johanneflottorp@gmail.com
 

Soundcloud: https://soundcloud.com/johanneflottorp/sets/slattar
 

Johanne Flottorp, Foto Heidi Furre - nettside_800x338.png

Foto: Heidi Furre