×

☰ Meny
art

Korleis styrke folkemusikkarrangørane i Noreg?

Vi ønskjer at folk på både små og store stader i heile landet skal ha sjansen til å oppleve konsertar og arrangement med folkemusikk og folkedans. Vi ønskjer at våre folkemusikarar og folkedansarar skal ha fleire høve til å turnere i Norge. Korleis skal vi klare å få fleire og sterkare heilårsarrangørar innan folkemusikk? Kan vi lære noko av jazzfeltet? Kva kan nasjonale institusjonar som Riksscenen og FolkOrg gjera? 

Dette og fleire spørsmål ønskjer vi å diskutere på dette seminaret. Vi har invitert et knippe personar som skal snakke om sine erfaringar og idear, og etter det ønskjer vi å få ei god samtale med arrangørane frå vårt felt.  

Innleiarar Ane Carmen Roggen           Riksscenen Terje Foshaug                      Folkemusikk Nord Jørn Størkson                       Sørnorsk Jazzsenter Kristoffer Mosfjeld              Telemarkfestivalen   Møteleiar Linda Dyrnes                        FolkOrg

 

Arrangør                               Riksscenen og FolkOrg

Samspill