×

☰ Meny
Morgonrode, Foto Martin Sternberg - nettside

Morgonrode

Fredag kl. 20:50 & Lørdag kl. 21:10

SHOWCASE:
Fredag i Lavvo kl. 20:50 (akustisk)

Lørdag på Klubbscenen kl 21.10

Morgonrode vart starta hausten 2015 av tre unge fele- og hardingfelespelarar i Oslo: Helga Myhr frå Torpo i Hallingdal, Selma French Bolstad frå Ås i Follo og Rasmus Kjorstad frå Fron i Gudbrandsdalen. Etter å ha spelt saman som trio i eit år, vart bandet utvida med haugesunder Fredrik Luhr Dietrichson på kontrabass og ålesunder Andreas Winther på slagverk. Hausten 2016 presenterte dei seg på Folkelarm, som del av Riksscenens talentsatsing Folk Session, og i år er dei tilbake!

Sidan starten i 2015 har bandet spelt på mange store norske festivalar og scener, og debutalbumet deira er like om hjørnet på plateselskapet Ta:lik. Repertoaret til bandet spenner frå springarar og gangarar til salmar, viser og bånsullar - både tradisjonelle og nye slåttar og eigenskrivne songar. Med eit rått og ærleg utrykk eksperimenterer Morgonrode i grenselandet mellom tradisjonell og improvisert musikk. Musikken er energifull, tankefull, drivande, var og utforskande. Morgonrode tar for seg det særeigne i folkemusikken med mål om å skape eit moderne uttrykk - for slik å la musikken vekse vidare.



Morogonrode er:
Rasmus Kjorstad - oktavfele
Helga Myhr - hardingfele, vokal
Selma French Bolstad - nøkkelharpe, vokal, hardingfele
Fredrik Luhr Dietrichson - kontrabass
Andreas Winther - slagverk, perkusjon


Kontaktinformasjon:
Rasmus Kjorstad
rasmuskjorstad@icloud.com
 

Facebook: http://www.facebook.com/morgonrode

YouTube: https://www.youtube.com/watch?v=YP8ZHhdq3Ok&t=2s

Soundcloud: https://soundcloud.com/andreas-winther-1/sets/morgonrode-booking-2018/s-LqxHm

 

Morgonrode, Foto Martin Sternberg - nettside_800x338.png

Foto: Martin Sternberg

 


 

Oslo kommune logoSamspillMøst logo