×

Folkelarm 2019

☰ Meny

Seminar om rekruttering (påmelding)

Seminar – torsdag kl. 09.00 til 15.30

SEMINAR
Rekruttering
Torsdag 09.00 til 15.30 – Taket

Velkomen til ein positiv rekrutteringsdag!
Som sikkert mange har fått med seg så satsar FolkOrg mykje på rekruttering. Vi har vore så heldige at Dextra Musica er med på å satse på den unike arven vi får lov til å forvalte, og FolkOrg og Dextra Musica gjev i 2018 stønad til heile ti rekrutteringsprosjekt i Noreg.

Torsdag 8. november vert det seminardag om rekruttering på Riksscenen under Folkelarm i Oslo. Alle som er interessert i rekrutteringsarbeid er velkomne til å delta. Her vil Dextra-prosjekta bli presentert. I tillegg vert det høve til erfaringsdeling og diskusjon.

Dei ti prosjekta som mottek stønad i 2018 er:

  • Bølingen (Akershus og omegn)
  • FolkemusikkUNG (Valdres)
  • FolkRekrutt (Gudbrandsdalen)
  • Fuglen (Rogaland)
  • Leik lengst nord (Lakselv/Porsanger)
  • Morgondagens spelemenn (Bergen)
  • Nøringen (Voss/Hardanger)
  • Raudan Gull (Møre og Romsdal)
  • SPREK! (Hedmark)
  • TØFT (Sogn og Fjordane)
  • Ung Halling (Hallingdal)

I tillegg til presentasjon av prosjekta får vi besøk av Viggo Bjørge. Viggo er lærarutdanna og har eit brennande engasjement for opplæring, vidareføring og utvikling av korpsrørsla.

Om du ønskjer å delta denne dagen melder du deg på ved å sende ein e-post til oyvind@folkorg.no innan 5. november.

Seminaret er gratis og det vert servert ein enkel lunsj. Sei frå om du har matallergiar
Seminaret er på norsk

 

Rekruttering_seminar_800x338.jpg
Foto: Thor Hauknes