×

☰ Meny
Springdufela_Foto_IngvilSkeieLjones_web

Spring du fela

FOLKELARMARTIST 2020



Spring du fela: folkemusikkpoesi (NO)

Gamle historier om felespelarar, songarar og dansarar blir til låtar med gruppa Spring du fela. Folkemusikar Mari Skeie Ljones samlar historier og gir dei til forfattarar som lar seg inspirere til å skrive ny lyrikk. Dikta blir til songar, gjennom musikk av Mari og Camilla Granlien. I lag med Jo Fougner Skaansar og Olav Christer Rossebø vil dei gi publikum ein konsert som heidrar dei tøffaste, raraste og finaste folkemusikarane. Vedunderbarnet Vetle-Per Staup, Madli Sekse som ikkje fekk lov til å spele hardingfele og songar og vevar Rønnaug Vangen er blant dei som har fått låtar. Med tekster skriven av Hilde Myklebust, Ruth Lillegraven, Gaute M. Sortland, Anna Kleiva, Sigrid Sørumgård Botheim og Torbjørn Ljones.

Folkemusikk.no kalla Spring du fela si utgjeving frå 2015 eit «gripende tekst- og musikkprosjekt», og GD beskreiv det som ein «merkestein i nyere norsk folkemusikk». Og i april 2020 kom Spring du fela med si andre utgjeving: «Ein skyttel full av song». 

Spring du fela gir deg skeive drikkeviser, draumande bånsullar og eit omvendt draumkved: velkommen til ein konsert med folkemusikkpoesi!

«Ein skyttel full av song
vev eg inn i åkle tjukke
Ein tråd for kvar ein gong
mor mi sulla meg i svevnen inn i svevnen inn»

Hilde Myklebust


Spring du fela er:
Mari Skeie Ljones - fele/hardingfele/vokal
Camilla Granlien - vokal
Olav Christer Rossebø - gitar/mandola/mandolin
Jo Skaansar - kontrabass

Spring du fela - YouTube
Spring du fela - Spotify


Kontaktinformasjon:
Mari Skeie Ljones
+ 47 992 53 919
mariskeieljones@gmail.com
www.springdufela.no 

 



Spring du fela: Folk Music Poetry (ENG)

Mari Skeie Ljones is a fiddle player who is interested in the stories surrounding folk music. She collected stories about fiddle players, singers, and dancers. The poets Sigrid Sørumgård Botheim, Anna Kleiva, Ruth Lillegraven, Torbjørn Ljones, Hilde Myklebust, and Gaute M. Sortland took inspiration from these stories and wrote new poems. Camilla Granlien and Ljones then wrote new music to the poems, which became songs in collaboration with the musicians Olav Christer Rossebø and Jo Fougner Skaansar.

Wordsmith Petter Syversen, who climbed on a church roof. Hardanger fiddler Per Ljones, who ended up as a violinist in a bar in New York. Good Rønnaug Vangen, who always sang while she sat at the loom. Fiddle player Per Kringelhaugen, who was equally good at bragging and playing the fiddle. Child prodigy Per Persson Staup, who was really too weak to be on stage, together with his father, who made a Hardanger fiddle for his son. And Gjendine Slålien, who impressed Edvard Grieg and everyone else who heard her songs.

Spring du fela aims to honour these individuals with newly written songs. Welcome to a concert with Norwegian folk music poetry! 

Spring du fela is:
Mari Skeie Ljones - fiddle, Hardanger fiddle, vocals
Camilla Granlien - vocals
Olav Christer Rossebø - guitar, mandolin, mandola
Jo Skaansar - double bass

Spring du fela - YouTube
Spring du fela - Spotify


Contact:
Mari Skeie Ljones
+ 47 992 53 919
mariskeieljones@gmail.com
www.springdufela.no  

 

Springdufela_Foto_IngvilSkeieLjones_web.jpg

Fotograf/Photograph: Ingvil Skeie Ljones