Årets folkemusikkarrangør har vorte delt ut av FolkOrg sidan 2012, og skal synleggjere godt arrangørarbeid og heidre dei beste arrangørane.  Årets folkemusikkarrangør vert vald av styret i FolkOrg på bakgrunn av nominasjonar.  

Prisen er på kr. 20 000 blir delt ut på Folkelarm, under Folkelarmprisen torsdag 24. november.  Dei nominerte folkemusikkarrangørane for 2022 er, i alfabetisk rekkefylgje: Farsund Folk Festival, Folkemusikkveka og Telemarkfestivalen. 

Farsund Folk Festival har vore arrangert sidan 1998 og feirer med det 25-årsjubileum i 2023. Farsund Folk Festival er ein internasjonal folkemusikkfestval med utgangspunkt i Agdermusikken og fokus på med musikalske slektskapet i landa rundt Nordsjøen. Festivalen synleggjer likskapen, men òg skilnadane i folkemusikken i dette området og er òg ein viktig møteplass for folkemusikmiljøet på Sørlandet.

Festivalprogrammet er variert og spenner frå store konsertar, intimkonsertar, pubkonsertar, kyrkjekonsert, musikkvandringar, dans, allsong og konsertar på ulike institusjonar.

Farsund Folk Festival samarbeider med fleire lokale aktørar og trekk til seg både lokale og tilreisande publikumarar .  Festivalen har også konsertverksemd gjennom året og har i lag med andre aktørar i Farsund overteke Kulturhuset Backes Bu, der dei arrangerer konsertserien FOLK på Backes.

Årets folkemusikkarrangør er Farsund Folk Festival!

 

Foto: Anders Lillebo