Invitasjon til Folkelarm 2025
Vi vil med dette invitere deg til opninga av årets Folkelarm, torsdag 13. november.
Velkomen til årets Folkelarm på Riksscenen i Oslo 13.-16. november.
Vi ynskjer å invitere særskilte gjester og samarbeidspartnarar til opninga av årets Folkelarm, torsdag den 13. november.
Du er herved invitert.
Torsdag starte vi kl 16 med eit djupdykk i NOUen “Musikklandet”, og ser på kva plass folkemusikken har fått her. Dette etterfølgas av ein politisk debatt om musikkpolitikken dei fire neste åra.
Frå kl 1730 blir det ei lukka velkomstmottaking for gjester og delegater. Det blir lett servering og noko boblete i glaset. Litt før kl 1830 losast vi opp til hovedsalen der den offisielle opninga skjer. Programmet går rett over i eit fantastisk nytt musikalsk samarbeid på tvers av dei nordiske landene, “Purppuri”. Dette er eit tingingsverk til årets festival med musikarane Esko Järvelä (FI), Johan Hedin (SV), Jorun Marie Kvernberg (NO) og Mads Kjøller Henningsen (DK).
Utover kvelden følger fleire showcaser og dansespel. Du er hjarteleg velkomen til å vere med heile kvelden.
LITT OM ÅRETS PROGRAM
13.-16. november vert Folkelarm gjennomført på Riksscenen i Oslo. Folkelarm er det største bransjetreffet for nordisk folkemusikk, og har eit innhaldsrikt seminar og delegatprogram, i tillegg til å showcase 25 artister. Folkemusikarar og folkedansarar frå heile Norden kan søke om showcase, og delegatar frå ein internasjonal bransje vert invitert inn.
Folkelarm er frå torsdag til og med søndag. Vi fortsetter med fjorårets suksses, FolkelarmUng. Her showcaser vi tre barneforestillinger i tillegg til å ha mange andre aktiviteter for barn. Alt er gratis på søndag.
Årets Folkelarmpris blir laurdag 15. november. Dette er ein stor og glitterfull kveld for å feire folkemusikken og folkedansen, og det er Sigrid Moldestad og Alexander Aga Røynstrand som loser oss gjennom dette programmet.
Ellers er det seminarer kvar dag, det er showcaser kvar kveld, og det er sjølvsagt - i beste folkemusikkånd - dansefest kvar kveld etter at showcasene er ferdige.
Årets partnarland er Skottland. Det vil si at det er to skotske artistar som blir showcaset på årets Folkelarm. Begge desse er fredag kveld.
Fullstendig program finn du her.
Målet med Folkelarm er å marknadsføre norske og nordiske folkemusikarar og folkedansarar for både ein norsk og internasjonal bransje. Det er ein møteplass for dei som arbeider med folkemusikk og folkedans i Noreg og Norden. Det er eit mål å gjennom møteplassar og seminarar å kunne auke kompetansen i miljøet og sette fokus på sjangeren mellom anna med å dele ut Folkelarmprisane, ha finale i Introfolk, osb.. Showcase-konsertar, seminar, mingling og dansefestar fyller Riksscenen desse dagane.
Du er sjølvsagt velkommen til å delta på resten av arrangementet, så kryss av om du ynskjer delegatpass for heile helga, og/eller om du ynskjer å stå på gjesteliste på Folkelarmprisen laurdag ettermiddag.
Velkomen til årets Folkelarm.
Med helsing frå
Aslak Brimi, dagleg leiar i FolkOrg
Ann Helen Erichsen, prosjektleiar i Folkelarm.
TAKK JA TIL INVITASJONEN VED Å FYLLE UT SKJEMAET UNDER:
