AlfredMaurstad_700x700

Alfred Maurstad-innspelingar frå 1927 til 1962 - Alfred Maurstad

VINNER AV FOLKELARMPRISEN I KATEGORI DOKUMENTASJON 2018
Alfred Maurstad er blant Norgeshistoriens fremste kulturpersonligheter. Han var landskjent både som spillemann, skuespiller, filmstjerne og regissør i store deler av det forrige århundre. På en ny dobbelt-CD utgitt av plateselskapet Aksent rettes fokuset mot Alfred Maurstad som folkemusiker. Først og fremst får vi høre han som hardingfelespiller, men platen gir også eksempler på Maurstad som en glimrende folkesanger og diktoppleser. De 48 innspillingene på det nye dobbelt-albumet har ikke vært tilgjengelig for publikum på mange tiår. Opptakene er gjort i tidsrommet 1927 til 1962, og samlingen er intet mindre enn en nasjonal kulturskatt, med en av våre fremste folkemusikere gjennom tidene. Tekst fra påmeldingen til Folkelarmprisen

Plateselskap: Aksent

Hør plata på spotify her


 

KnutKjøk_700x700

Fele - Knut Kjøk

Minneplate om Knut Kjøk frå Lom som døydde brått i 2016. Vart rekna som kanskje den fremste utøvaren på vanleg fele i heile landet. Inneheld kappleik- og nrk-opptak frå heile karriera hans. CD-utvalet vart gjort i samråd med Knut sjølv, ikkje så lenge før han gjekk bort. Tekst fra påmeldingen til Folkelarmprisen

Plateselskap: Ta:lik

Hør plata på spotify her


TorHomleid_700x630

Drangedalsspel - Tor Homleid

I 2017 var det hundre år sidan spelemannen Tor Homleid vart fødd. I samband med dette syntest eg det var på plass med ei eller anna form for markering. Denne plata er resultatet. Det har vore eit mål å teikne eit breitt bilete av tor og spelet hans. Eg håper mange vil nikke attkjennande til den første delen av plata. Dette er kappleiks- og heimeopptak med mange av dei kjende slåttane i telemarkstradisjonen. Det var desse Tor brukte i samkomer, på bygdekveldar, konsertar og ikkje minst kappleikar der han var ein trufast deltakar i over ein mannsalder. Eg har òg valt å ta med ein del slåttar i telemarkstradisjonen som er lite brukt og/eller lite tilgjengeleg på plateinnspelingar i dag. Tor hadde ingen systematisk opplæring, det var ingen sterke tradisjonsband i Drangedal og han var såleis ikkje bunde til nokon bestemt tradisjonsline. Her er slåttar frå heile Telemark etter både Myllarguten, Fykerud og Gibøen. Her er komposisjonar av Johannes Dahle. Her er typiske enkle danseslåttar frå Bø og Seljord, men òg rikt utbygde kappleiksslåttar etter fleire av hans store førebilete: Eilev Smedal, Gjermund Haugen, Eivind Mo, Kristiane Lund, Anund Roheim med fleire. Siste del av plata håper og trur eg vil overraske mange. Her står Tor fram som komponist av eigne slåttar og som tradisjonsberar for særmerkte drangedalsslåttar. dette er materiale som tor knapt brukte offentleg. Dette er slåttar som Tor høyrde av far sin og eldre spelemenn i Tørdal då han vaks opp. I mange tilfelle er Tor einaste kjelde som har spela inn desse slåttane i arkivet. Noko av dette er runddans som yngre spelemenn har tatt i bruk og no sirkulerer i folkemusikkmiljøet. Få veit truleg at Tor er kjelda. Andre slåttar er så vidt eg kjenner ikkje lenger i bruk og eg har eit håp om at denne plata kan få nokon til å taka dei opp att. Med rett under åtti minutt og 39 spor er grensa nådd for kor mykje musikk ein kan få inn på ei Cd-plate. Slik sett er dette ei reindyrka dokumentasjonsplate. Dette er ikkje eit produkt som skal gje lyttaren ei «konsertoppleving» som kan spelast samanhengande av frå a til å. Her ofrast noko av det forfina, polerte og avgrensa utvalet for mengde, mangfald og særpreg. det betyr ikkje at det manglar storspel på plata, for Tor Homleid held jamt over godt nivå, men i mange høve har ein ikkje kunne velje og vrake i opptak, og då har eg i dei fleste tilfelle tatt med opptaket likevel. Her er difor både Tor Homleid i kjempeform og tor tydleg nervøs på kappleikscena. Her er tor i livets vår og livets haust. Her er Tor med fela sliten etter ein arbeidsdag i skogen, og her er Tor som spelar slåttar han ikkje har brukt på 20, 30 eller 40 år! Eg håper plata teiknar eit godt bilete av tor slik folk hugsar han, og at denne plata vil vere til kveik og inspirasjon for framtidige spelemenn i drangedal, Telemark og Noreg. Kos dykk med drangedalspel! Tekst fra påmeldingen til Folkelarmprisen

Plateselskap: Ta:lik

Hør plata på Spotify her