Juryens begrunnelse

Årets folkemusiker er av det særs allsidige slaget. Med virke som både komponist, musiker og skodespelar har vedkomande hatt sitt virke på alt frå ungdomshus til teatersalar dei seinaste åra. Han, det er altså ein kar, er ein svært akta spelemann innafor både gamaldans og slåttespel og representerer dalføret sitt med bravur på både landskappleikar og landsfestivalar.

Han har det seinaste året stått heilt eller delvis bak tre bestillingsverk, komponert musikk for kor og sitt eige instrument fele, medverka på fem plateutgjevingar og vore nominert til prisar både som musiker og komponist. Han er også mykje nytta som lærar på ymse kurs og samlingar rundt i landet samt hatt undervisning for folkemusikkstudentar ved NMH.

Prisvinnaren, som neste år fyller 30, er på toppen av alt dette musikalsk leiar av Lom Spelemannslag og leiar av Gudbrandsdalen folkemusikklag og har vore aktiv i folkemusikkmiljøet i heimbygda Garmo sidan han var ein liten Odde.

Årets Folkemusiker er Bjørn Kåre Odde!

Foto: Knut Utler



Jury for Folkelarmprisen 2019:
Julie Alapnes Normann
Sigrid Berg
Karl Seglem
Asgaut Bakken
Andreas Fliflet