Årets folkemusikar 
Årets folkemusikar har gjennom fleire tiår vore ein av dei mest aktive og allsidige folkekunstnarane og pedagogane i Noreg. Med særs god og brei kompetanse, og ein kreativitet som ikkje kjenner nokon grenser, har årets vinnar gjort enormt mykje for norsk folkemusikk og folkedans.  

Vedkommande er ein energisk person med arbeidskapasitet som få, og han han beherskar mellom anna utøving på fleire strykeinstrument, folkedans, komponering, arrangering og scenisk framsyning. Som pedagog er han ettertrakta, og det same er han som skribent av både fagartiklar og platemeldingar. Trass ein vinter og vår med lite konsertverksemd på grunn av koronasituasjonen, har vinnaren likevel vore aktiv med digitale konsertar og webinar, og i tillegg har han gjort mykje nybrottsarbeid for å få til digitale danseøvingar. I selskapet han driv saman med kona, har det blitt konsertserie, notehefte, musikkvideo og podcast den siste tida.

Årets folkemusikar er også med å tilrettelegge for nye produksjonar spesielt retta mot unge her på Riksscenen og er ei eldsjel som jobbar aktivt i alle delar av bransjen.

Årets folkemusikar 2020 er Vegar Vårdal! 

Se Vegar takke for prisen her