×

☰ Meny
Heme dine årets folkemusikkarrangør 2021

Årets folkemusikkarrangør er Heme dine!

Festivalen Heme dine får prisen for Årets folkemusikkarrangør 2021!

Heme dine vert arrangert på Lillerøåsen i Engerdalen og har sidan starten i 2016 opparbeidd seg eit godt renommé og ein solid publikumsbase. Festivalen er drive av unge og motiverte festivalarbeidarar og viktige stikkord for arrangementet er innovative kulturopplevingar, store musikkopplevingar, friluftsliv, kurs, konsertar og dans. 

Intimt og triveleg 
Heme dine har i løpet av få år greidd å skapa eit godt rykte både blant lokalbefolkninga og i resten av Folkemusikk-Noreg. I tillegg til meir kjende artistar tek også festivalen med den lokale kulturen inn i programmet, både i form av mat, musikk, dans og natur. Friluftsliv og natur har òg ei sentral rolle i festivalen, og dette set sitt preg på fleire ledd i festivalen, i form av til dømes kurs, fjellturar og foredrag. På Heme Dine er det er stadig noko nytt å vera med på for publikum.   

Viktig rekrutteringsarbeid 
Heme dine arrangerer òg sommarleir for born og unge. Sommerleiren er ein møtestad der barn og unge får mogelegheit til å møte andre med same interesse. Sommarleiren tilbyr både opplæring innan både friluftsliv, instrument, song og dans og dei som deltek får oppleve både natur og kultur i lag. Dette er viktig og flott rekrutteringsarbeid!  

Dei nominerte ti Årets folkemusikkarrangør er: 
Heme dine
Rudi Gard
Trondheim Folk

pris heme dine-2.jpg

Foto: Knut Utler

Samspill