Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Folkelarmartist 2025 - WEB Header _ALVINA OG GARD

ALVINA & GARD - Platt Planet

FOLKELARMUNG 2025

Alvina & Gard – Platt Planet 
– ei undrande og vakker framsyning for barn 

Den svensk-norske feleduoen Alvina & Gard set forteljinga i musikken i høgsetet og utforskar nye fargar i eit leikent samspel – tett på kvarandre og tett på publikum. Med stort nærvære og eit særeige uttrykk skapar dei opplevingar som både rører og utfordrar. Albumet Tillflykten kom ut i 2024 og fekk strålande kritikk. 

Til Folkelarm kjem dei med Platt Planet – ein poetisk og musikalsk fabel om lengting og grådigskap, og om kva som skjer når horisonten forsvinn. Kva skjer med eit samfunn når vi sluttar å lytte – til kvarandre, til naturen, til det vi eigentleg veit? 

I Platt Planet møter vi ei verd der regnbogen framleis glitrar om morgonen, men der noko sakte begynner å skurre. Med nykomponert folkemusikk, dans og scenisk nærvær fortel duoen ei sterk historie som med enkle middel reiser store spørsmål. 

Framsyninga er laga for barn, men snakkar til alle – med varme, undring og alvor. 

Alvina Herbinger Rygne – fele, forteljing 
Gard Nergaard – fele, forteljing 

Info/ booking:
E-post: duoalvinagard@gmail.com 
Tidal


Alvina & Gard – Platt Planet 
– A poetic and thought-provoking performance for children 

The Swedish-Norwegian fiddle duo Alvina & Gard place storytelling at the heart of their music, exploring new colours in a playful interplay – close to each other and close to the audience. With strong presence and a distinctive expression, they create experiences that move and challenge. Their album Tillflykten was released in 2024 to glowing reviews. 

For Folkelarm, they bring Platt Planet – a poetic, musical fable about longing and greed, and about what happens when the horizon disappears. What happens to a society when we stop listening – to each other, to nature, to what we truly know? 

In Platt Planet, we meet a world where the rainbow still shimmers in the morning, but where something slowly starts to feel off. With newly composed folk music, dance, and theatrical presence, the duo tells a powerful story that poses big questions with simple means. 

The performance is created for children – but speaks to everyone, with warmth, wonder, and seriousness. 

Alvina Herbinger Rygne – fiddle, storytelling 
Gard Nergaard – fiddle, storytelling 

Info/booking:
Email: duoalvinagard@gmail.com 
Tidal 

Foto: Thor Hauknes
Språk Norsk - Norwegian