×

☰ Meny
Yr - Hemsing Hansegård_framside

Duoen Hemsing og Hansegård (N)

Denne konsertframsyninga har vorte skildra som “70 minutt musikk og dans på knivseggen mellom det tradisjonelle, det klassiske og det samtidige”. Ragnhild Hemsing og Hallgrim Hansegård har begge vokse opp med den tradisjonelle folkemusikken- og dansen i Valdres, og har med dette som utgangspunkt funne sine eigne uttrykk innan klassisk musikk og samtidsdans.

Ragnhild Hemsing har vunne fleire internasjonale prisar som klassisk fiolinist. Spelemannen Leif Rygg har uttala at ingen klassisk fiolinist har spelt betre hardingfele sidan Sigbjørn Bernoft Osa. Nyleg spelte ho inn konserten Fossegrimen for hardingfele med stjernedirigenten Nemi Järvi og Bergen Filhamoniske Orkester. Ho gjev dessutan ut musikken frå dansekonserten “Yr” i september 2011, og kjem difor til å vere høgaktuell denne hausten.

Hallgrim Hansegård frå Frikar har bakgrunn som hallingdansar, og må også reknas som ein av Noregs nye koreografitalent. Hansegård var hovudartist under Festspillene i Bergen i 2010, og har stått bak kritikarroste “TidarÅ” og “JAMSIIS”. I dansekonserten “YR” dansar han tradisjonell halling, gjer dansesoloar utan musikk, og framfører sin eigen koreografi til verket “Yr” av Lasse Thoresen.

Dansekonserten “Yr” har hausta svært gode meldingar i pressa, og har mellom anna vore framført på Den Norske Opera og Ballett og Oslo Kammermusikkfestival. No er vi stolte av å kunne presentere dei på Folkelarm.

Ragnhild Hemsing | fele
Hallgrim Hansegård | dans


VIDEO

 

Ragnhild Hemsing: "YR" from Ragnhild Hemsing on Vimeo.

SamspillMøst logoOslo kommune logo