Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Finalistene til Introfolk er klare!

Torsdag 22. oktober under opningsdagen på Osafestivalen på Voss, ble tre unge lovende folkemusikarar plukka ut som finalister til Introfolk 2026. 

 

FINALISTENE TIL INTROFOLK 2026 ER KLARE!

Hannah Moira og Ivar, Magnhild Garnås Haugen og Sindre Tronrud er finalistar i FolkOrg sitt mentor- og lanseringsprogram Introfolk.

Seks lovande, unge artistar vart plukka ut etter ein søknads- og juryeringsprosess. Det var Magnhild Garnås Haugen (Hjartdal), Sindre Tronrud (Fagernes), Åsmund A. Farstad (Volda), Hannah Moira & Ivar (Valestrandsfossen/Malm), Suigard bestående av Sunniva Langås-Røiland frå Bø i Telemark og gitarist Vegard Hosarøygard (Bø i Telemark/Lom) og Vilde Ellegaard Westeng (Gransherad). 

Torsdag 22. oktober under opningsdagen på Osafestivalen på Voss gjennomførte dei seks deltakarane ein Introfolk-konsert. Frå denne valgte ein jury ut tre deltakarar som går vidare til finalekonserten under Folkelarm i november. Frå denne velger en jury ut Årets unge artist 2026 som blir offentliggjort under årets Folkelarmpris-utdeling laurdag 21. november.   

Juryen for Introfolk 2026 oppsummerer opplevinga på Osafestivalen slik:

- Juryen for Introfolk 2026 ynskjer å takke alle deltakarane i Introfolk for den fantastiske konsertserien dei leverte på Osafestivalen. Der blei vi vitne til ein gjeng unge utøvarar med imponerande kunstnarleg kvalitet og teft, kor samtlege deltakar eide scenerommet og skapte flotte augneblink for publikum – vi lo, vi gråt og vi kosa oss. Det var ein særs vanskeleg jobb å skulle prioritere blant så ulike og dyktige unge tradisjonskunstnarar. Vi ynskjer samtlege utøvarar lykke til framover, og er spente på korleis karrierane og kunstnarskapa deira vil utvikle seg i åra dei har framfor seg. Juryen gler seg stort til finalekonsertane under Folkelarm. 

Juryen for Introfolk-konserten på Osafestivalen bestod av Johanna Seim, Rannveig Øygardslia og Sivert Holmen.

OM INTROFOLK

Introfolk er eit mentor- og utviklingsprogram  regi av FolkOrg for unge, lovande musikarar og dansarar. Det overordna målet er å styrke norsk og samisk folkemusikk og -dans, samt å vere ein bidragsytar for lovande tradisjons-utøvarar som er i startgropa av karrieren sin. Seks artistar velgast ut til programmet. Dei får mentorering og vegleiing der målet er  å utvikle seg som utøvarar. Under finala på Folkelarm i november vert ein av artistane ståande att som Årets unge artist 2026.

PRESENTASJON AV ÅRETS FINALISTER

Hannah Moira & Ivar (Valestrandsfossen/Malm)

Hannah Moira Midtbø-Bruner (Osterøy) og Ivar Blekastad Haugen (Malm) er ein duo med fele/hardingfele og trekkspel. Dei arbeider med nykomponert folkemusikk, med vekt på samspel, arrangement og tydeleg dansedriv.   

Dei løftar også fram slåttar som er mindre i bruk i dag, og har eit særleg fokus på komposisjonar av seg sjølve, familie og venner. Hannah Moira og Ivar møttest gjennom ulike arrangement og via studium i folkemusikk ved Ole Bull Akademiet og Noregs musikkhøgskole.  

Som duo debuterte dei under Landsfestivalen i 2025, og har sidan hatt eit aktivt samarbeid. Dei utforskar folkemusikk frå heile landet, både som solistar og i samspel, og har opparbeidd seg eit breitt og variert repertoar.  

Magnhild Garnås Haugen (Hjartdal)

Magnhild Garnås Haugen er ein ung folkesongar frå Hjartdal i Telemark. Ho har sidan barndommen lærd å kveda i heimen, og har på kort tid utmerkt seg på konsert- og kappleiksscena. I dag tek ho ein bachelor i utøvande folkemusikk ved Noregs Musikkhøgskule og er aktiv frilans som pedagog, soloutøvar og i ulike grupper og ensemble, både med tradisjonelt og nyare materiale. 

Med eit breitt repertoar og rik kunnskap om tradisjonen, tek ho med publikum inn i historiske slag og tragiske kjærleiksviser, opp på setervollen eller ut på dansegolvet. Historiene bak musikken veg tungt, og som utøvar jobbar ho for å formidle desse forteljingane og stemningane, gjennom songen. Magnhild har også tileigna seg eit særeigent og breitt slåtterepertoar, og jobbar engasjert med oversetjing av slåttar frå hardingfele til vokal.

Med eit brennande engasjement for å lyfte vokalmusikken og historiene som høyrer til, ynskjer ho å setje den i kontekst, og vise den fram i si reine, nakne form.

Sindre Tronrud (Fagernes)

Sindre Tronrud er ein hardingfele- og felespelar frå Valdres med base i Oslo. Han har djupe røter i folkemusikktradisjonen frå heimtraktene, noko som dannar grunnlaget for kunstnarskapet. Dette materialet utforskar og vidareutviklar han stadig i arbeidet sitt med musikken.   

Sindre presenterer eit soloprogram for hardingfele, der slåttemusikken og historiene står i fokus. Kjernen i programmet er det breie slåttematerialet frå Valdres, der han løftar fram både historier, ulike slåttetypar og dei mange legendene dalføret har å by på. 

INTROFOLKFINALE PÅ FOLKELARM 
Introfolk-finala gjennomførast torsdag 19. november og blir ein del av opninga av Folkelarm 2026. 

Den som vert kåra til Årets unge artist får ein konsert- og festivalturné i Noreg i 2027 og eit tilrettelagt mentorprogram som blir laga i samarbeid med artisten sjølv. 

Mentorprogrammet blir lagt opp etter ønska og behova til artistane, og kan innehalda mellom anna møte med bransjeaktørar for ein introduksjon til livet som profesjonell musikar, tilrettelegging av møteplassar og nettverksbygging og dessutan opplegg for kunstnarisk utvikling.  
 

ÅRETS SAMARBEIDSPARTNARAR 

Lanseringa av Årets unge artist 2026 skjer i samarbeid med Sparebankstiftelsen DNB og Talent Norge. 

FolkOrg gjennomfører Introfolk annakvart år og har tidlegare samarbeida med Rikskonsertene og GRAMO om programmet. Tidligare vinnarar av INTRO-folk er: Majorstuen (2005), Benedicte Maurseth (2007), Kim André Rysstad (2009), Erlend Viken (2012), Odde & Holmen (2015) og Ole Nilssen (2018) Sigrid Stubsveen (2020), Eir Vatn Strøm (2022) og Martin Steinum Brun (2024). 

Seks unge lovande artistar har blitt til tre, og under Folkelarm skal det avgjerast kven som kan kalle seg Årets unge artist 2026.  

Meir informasjon

Pressekontakt

Ingeborg Ulberg Sommer, FolkOrg
ingeborg@folkorg.no
+47 45258237

Språk Norsk - Norwegian