
Introfolk 2026 - deltakarane er klare!
Juryen har no, etter ein søknads- og juryeringsprosess, valgt ut seks artistar til å delta på årets Introfolk. Utover hausten skal deltakarane samlast både digitalt og fysisk for mentorsamlingar, og under Folkelarm 19. november blir finalekonserten der Årets unge utøver kårast gjennomført.
Seks artistar utvalgt til Introfolk 2026
Introfolk er eit mentor- og utviklingsprogram i regi av FolkOrg for unge, lovande musikarar og dansarar. Det overordna målet er å styrke norsk og samisk folkemusikk og -dans, samt å vere ein bidragsytar for lovande tradisjonsutøvarar som er i startgropa av karrieren sin. Seks artistar velgast ut til programmet. Dei får mentorering og vegleiing - for å utvikle seg som utøvarar. Under finala på Folkelarm i november vert ein ståande att som Årets unge utøver 2026.
Juryen har no, etter ein søknads- og juryeringsprosess, valgt ut seks artistar til å delta på årets Introfolk. Desse er Magnhild Garnås Haugen (Hjartdal), Sindre Tronrud (Fagernes), Åsmund A. Farstad (Volda), Hannah Moira & Ivar (Valestrandsfossen/Malm), Suigard (Bø i Telemark/Lom) og Vilde Ellegaard Westeng (Gransherad). Utover hausten skal deltakarane samlast både digitalt og fysisk for mentorsamlingar, og under Folkelarm 19. november blir finalekonserten der Årets unge utøver kårast gjennomført.
«Folkemusikkfeltet er fullt av unge, dyktige og musikalsk nysgjerrige utøvarar. I introfolk finn ein både dei som dykkar ned i tradisjonsmusikken med hud og hår og dei som trakkar opp nye far – publikum kan sjå fram til å bli betre kjend med alle desse flotte utøvarane», seier Sivert Holmen, jurymedlem 2026.
Årets jury bestod av Sølvi Lien (direktør i Førdefestivalen), Sivert Holmen (musikar) og André Jamal Ishak (rådgivar med ansvar for jazz og tradisjonsmusikk, Music Norway)
Lanseringa av Årets unge folkemusikar 2026 skjer i samarbeid med Sparebankstiftelsen DNB og Talent Norge. Vinnaren får ein turné på speleplassar og festivalar i Noreg i 2027 og eit tilrettelagt mentorprogram som blir laga i samarbeid med artisten. Mentorprogrammet blir lagt opp etter ønska og behova til utøvarane, og kan innehalda mellom anna møte med bransjeaktørar for ein introduksjon til livet som profesjonell utøvar, tilrettelegging av møteplassar og nettverksbygging og dessutan opplegg for kunstnarisk utvikling.
![]() |
| Foto: Isa Holmgren |
Sindre Trondrud (Fagernes)
Sindre Tronrud er ein hardingfele- og felespelar frå Valdres med base i Oslo. Han har djupe røter i folkemusikktradisjonen frå heimtraktene, noko som dannar grunnlaget for kunstnarskapet. Dette materialet utforskar og vidareutviklar han stadig i arbeidet sitt med musikken.
Sindre presenterer eit soloprogram for hardingfele, der slåttemusikken og historiene står i fokus. Kjernen i programmet er det breie slåttematerialet frå Valdres, der han løftar fram både historier, ulike slåttetypar og dei mange legendene dalføret har å by på.
![]() |
| Foto. Kristoffer Dyblie Erdal |
Suigard (Bø i Telemark/Lom)
Suigard er hardingfelepiller Sunniva Langås-Røiland frå Bø i Telemark og gitarist Vegard Hosarøygard frå Lom. Begge er studentar ved Noregs musikkhøgskole, der dei møttest og starta samarbeidet hausten 2024.
Med utgangspunkt i norsk tradisjonsmusikk komponerer dei sin eigen musikk, inspirert av både keltisk og amerikansk folkemusikk. Uttrykket blir også prega av impulsar frå sjangrar dei er glad i, som rock, jazz og blues. Suigard er ein duo som skaper musikk med driv – og som får det til å rykkja i dansefoten.
![]() |
| Foto: Knut Utler |
Magnhild Garnås Haugen ( Hjartdal)
Magnhild Garnås Haugen er ein ung folkesongar frå Hjartdal i Telemark. Ho har sidan barndommen lærd å kveda i heimen, og har på kort tid utmerkt seg på konsert- og kappleiksscena. I dag tek ho ein bachelor i utøvande folkemusikk ved Noregs Musikkhøgskule og er aktiv frilans som pedagog, soloutøvar og i ulike grupper og ensemble, både med tradisjonelt og nyare materiale.
Med eit breitt repertoar og rik kunnskap om tradisjonen, tek ho med publikum inn i historiske slag og tragiske kjærleiksviser, opp på setervollen eller ut på dansegolvet. Historiene bak musikken veg tungt, og som utøvar jobbar ho for å formidle desse forteljingane og stemningane, gjennom songen. Magnhild har også tileigna seg eit særeigent og breitt slåtterepertoar, og jobbar engasjert med oversetjing av slåttar frå hardingfele til vokal. Med eit brennande engasjement for å lyfte vokalmusikken og historiene som høyrer til, ynskjer ho å setje den i kontekst, og vise den fram i si reine, nakne form
![]() |
| Foto: Anniken Klinge |
Åsmund A. Farstad (Volda)
Åsmund Farstad presenterer sin hjartemusikken. Dei siste åra har han arbeidd med å grava fram eldre folkemusikk frå heimtraktene sine på Sunnmøre og i Nordfjord. Han har utvikla ein djup kjærleik til dei gamle tonane som lever og svever i bygdene i Nordvest og desse dyrkar han vidare.
For han kjennest det ut som han får sett inn i ein spegel tilbake i tid, og vere med i kvardagen til spelemenn og songarar før han, dei som har vore med å skape denne musikken han aldri gjev tak på.
For å nå inn til desse gamle tonane spelar han på gamalt utstyr med gamal fele, feleboge og strengar. Salmar, hallingar, bruremarsjar og springarar gir han inspirasjon til å eksperimentere og improvisere med denne musikken i nye former og på sin eigen måte.
![]() |
| Foto: Knut Utler |
Vilde Ellegaard Westeng (Gransherad)
Vilde E. Westeng er folkedansar med røter i tradisjonane frå Telemark og eit sterkt engasjement for å utvikla nye kunstnariske uttrykk. I prosjektet sitt kombinerer ho dans med eigne tekstar og personlege forteljingar i ei scenisk form.
Med utgangspunkt i fleire norske dansetradisjonar utforskar ho korleis ulike uttrykk kan flettast saman til eit heilskapleg kunstnarisk språk. Ho undersøkjer korleis folkedans og tekst i samspel kan formidla bodskap, skapa attkjenning og treffe publikum på nye måtar.
Tekstane tek utgangspunkt i det nære og kvardagslege, men også i meir sårbare og krevjande tema. Gjennom rørsle og scenisk form søkjer ho å gi desse erfaringane nytt liv. For Westeng handlar prosjektet også om å visa at tradisjon ikkje berre er noko som blir bevart, men noko som kan brukast aktivt til å uttrykkja tankar, erfaringar og kjensler i vår eiga tid.
![]() |
| Foto: Thomas Westling |
Hannah Moira & Ivar (Valestrandsfossen/Malm)
Hannah Moira Midtbø-Bruner (Osterøy) og Ivar Blekastad Haugen (Innherred) er ein duo med fele/hardingfele og trekkspel. Dei arbeider med nykomponert folkemusikk, med vekt på samspel, arrangement og tydeleg dansedriv.
Dei løftar også fram slåttar som er mindre i bruk i dag, og har eit særleg fokus på komposisjonar av seg sjølve, familie og venner. Hannah Moira og Ivar møttest gjennom ulike arrangement og via studium i folkemusikk ved Ole Bull Akademiet og Noregs musikkhøgskole.
Som duo debuterte dei under Landsfestivalen i 2025, og har sidan hatt eit aktivt samarbeid. Dei utforskar folkemusikk frå heile landet, både som solistar og i samspel, og har opparbeidd seg eit breitt og variert repertoar.







