Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Header introfolk 2026[2]

Introfolk 2026

FolkOrg er nå klare med ei ny runde med mentor- og talentprogrammet Introfolk. Ein av dei utvalgte endar opp som ÅRETS UNGE UTØVER 2026.  

FolkOrg er nå klare med ein ny runde Introfolk, eit mentor-  og talentprogram for unge lovande folkemusikarar og folkedansarar. Seks unge artistar skal velgast ut til å bli med på opplegget der målet er at dei skal utvikle seg som utøvarar og formidlarar via mentorering og samlingar. Det blir to fysiske samlingar, samt fleire digitale møtar mellom mentorane og deltakarane før ei stor samling i oktober i Voss. Under samlinga i Voss vil alle deltakarane få vist seg fram for publikum på Osafestivalen under Introfolk-konserten. Tre av artistane frå konserten blir med vidare til ein finale under Folkelarm i november, og her skal ein jury velje ut ÅRETS UNGE UTØVER 2026.  

- Vi er særs glade for at Introfolk blir satsa på ved at både Sparebankstiftinga og Talent Norge gjev støtte til det. Dette gjer at vi kan lage eit sterkt og innhaldsrikt program for dei unge artistane. Denne gongen har vi betre tid og meir rom for å lage eit gjennomarbeidd og særskilt tilrettelagt opplegg for kvar enkelt. Dette kjem til å bli heilt fantastisk, seier dagleg leiar i FolkOrg, Aslak Brimi.   

Introfolk er ein arena der unge folkemusikarar kan få utvikle seg som kunstnarar og få erfaring med å formidle folkemusikk på eit høgt nivå. Det er også eit poeng å vise breidda av musikarar og dansarar både innanfor norsk og samisk folkemusikk. Folkemusikarar og dansarar fødde i 2000 eller seinare kan søkje om å bli med i IntroFolk.  

Både spel, song og dans 

FolkOrg har i denne runden vald å fokusere både på det solistiske og på duo-uttrykk innan folkemusikk og folkedans. IntroFolk 2026 opnar óg opp for at dansepar med ein musikar kan søkje. (Maks tre personar) Vi oppmodar spesielt unge samiske artistar til å søkje Introfolk i 2026. 

- Det er fleire og fleire folkedansarar som satsar på dette som yrkesveg, og derfor ynskjer vi å gje dansen plass på Introfolk. Så vi oppfordrar sterkt til at unge, aktive dansarar – som ynskjer folkedansen som leveveg – søkjer om å bli med, seier Aslak Brimi. 

Dei seks artistane blir plukka ut av ein fagjury basert på motivasjonsbrev og innsendt materiell, der deltakinga i IntroFolk – programmet skal vurderast som viktig for utviklinga av den profesjonelle karriere til deltakarane.  

Alle kandidatane skal halde eit profesjonelt nivå, og ha eit klart potensiale for å utvikle musikalske idear og ferdigheiter. Det er ein føresetnad at søkjarane har valt å satse på ein profesjonell karriere innanfor musikk.   

Årets unge utøver 2026
Den av dei seks som vert utvalgt til Årets unge utøver 2026 får ei mentorpakke på nyåret, samt festivaljobbar og ein turne  hos ei rekke folkemusikkarrangørar. 

- Det er ei stor glede å lyse ut ein ny runde med Introfolk. Det gror godt i folkemusikken og dansen for tida, så vi gler oss til å motta søknadene, seier Ann Helen Erichsen, prosjektleiar for Folkelarm og Introfolk.   

Lurar du på noko i høve Introfolk? annhelen@folkorg.no    

Søknadsfrist 1. mars.  

Finalistene i Introfolk 2024: Martin Steinim Brun, Amalie Kinsarvik Tvilde og Åsmund Farstad. Foto: FolkOrg Anders Lillebo

 

SØK INTROFOLK 2026 HER: 

1. Kontaktinformasjon
2. Gruppemedlemmer
Solist og duoer kan melde seg på Introfolk. Dansepar kan melde seg på Introfolk med musiker.
Navn, instrument/rolle og e-post til alle som deltar i gruppa
3. Søknad
Hvorfor ønsker du/dere å være med på Introfolk?
Skriv utdypende tekst om artisten/gruppa som søker IntroFolk
Hvilke mål og planer har du/dere for de neste årene, og hvordan kan deltakelse på IntroFolk bidra til å nå disse?
Har du/dere ønsker om mentor, og hva du/dere ønsker å få hjelp til av hen? Har du ikke tenkt over dette skriver du bare nei.
5.Nettsider/SoMe kanaler
6. Last opp filer
Maks størrelse 500kb/Max size 500kb
Maks størrelse 10MB/Max size 10MB
Maks størrelse 10MB/Max size 10MB
Maks størrelse 10MB
Hvis du søker med en forestilling, eller har en idé til en forestilling, beskriv produksjonen her!
Er det noe dere ønsker å legge til, som ikke passer inn noe annet sted, så skriv det her. Her kan du også legge inn lenker til info.
Kontaktinformasjon*

Vi må lagre din kontaktinformasjon til etter at arbeidet med IntroFolk er avslutta. Ved å søke på IntroFolk godkjenner du at vi lagrer din kontaktinformasjon til prosjektet er ferdig gjennomført.

Språk Norsk - Norwegian