
Invitasjon til Folkelarm 2025
Vi ynskjer å invitere samarbeidspartnarar og vener av folkemusikken til årets Folkelarm.
Du er velkomen til årets Folkelarm på Riksscenen i Oslo 13.-16. november.
Folkelarm er FolkOrg sin årlege bransje- og showcasefestival, og det er naturleg og viktig for oss å invitere gode vener og samarbeidspartnarar til årets festival.
Vi ynskjer å invitere deg til årets opninga av Folkelarm, torsdag 13. november. Frå kl 17:30 blir det ei lukka velkomstmottaking for gjester og delegater. Det blir lett servering og noko boblete i glaset. Litt før kl 18:30 losast vi opp til hovedsalen der den offisielle opninga skjer.
Programmet går rett over i eit fantastisk nytt musikalsk samarbeid på tvers av dei nordiske landene, “Purppuri”. Dette er eit tingingsverk til årets festival med musikarane Esko Järvelä (FI), Johan Hedin (SV), Jorun Marie Kvernberg (NO) og Mads Kjøller Henningsen (DK).
Utover kvelden følger fleire showcaser og dansespel.
Vi kan også si at tidlegare på ettermiddagen, frå kl. 16:00, blir det eit djupdykk i NOU-en “Musikklandet”, og vi ser på kva plass folkemusikken har fått her.
Du er hjarteleg velkomen!
Påmeldingsskjema finn du heilt nederst i denne invitasjonen.
LITT OM ÅRETS PROGRAM
13.-16. november vert Folkelarm gjennomført på Riksscenen i Oslo. Folkelarm er det største bransjetreffet for nordisk folkemusikk, og har eit innhaldsrikt seminar og delegatprogram, i tillegg til å showcase 25 artister. Folkemusikarar og folkedansarar frå heile Norden er med, og delegatar frå ein internasjonal bransje vert invitert inn.
Folkelarm er frå torsdag til og med søndag. Vi fortsetter med fjorårets suksess, FolkelarmUng, på søndag 16. november. Her showcaser vi tre barneforestillinger i tillegg til å ha mange andre aktiviteter for barn.
Folkelarmprisen 2025
Årets Folkelarmpris blir laurdag 15. november. Dette er ein stor og glitrande kveld for å feire folkemusikken og folkedansen. I år er det Sigrid Moldestad og Alexander Aga Røynstrand som loser oss gjennom dette programmet.
Ellers er det seminarer kvar dag og det er showcasekonsertar kvar kveld. Og sjølvsagt - i beste folkemusikkånd - er det dansefest kvar kveld etter at showcasene er ferdige.
Årets partnarland er regionen Flanders i Belgia. Vi showcaser to artister i samarbeid med BeRoots og Dranouter Festival laurdag 15. november.
Vi har også i år eit samarbeid med Global North, og presenterer to internasjonale folkemusikkartistar som bur i dei nordiske landa. I tillegg presenterer Global North og Samspill ei barneframsyning sundag.
Fullstendig program finn du HER.
Målet med Folkelarm er å marknadsføre norske og nordiske folkemusikarar og folkedansarar for både ein norsk og internasjonal bransje. Det er ein møteplass for dei som arbeider med folkemusikk og folkedans i Noreg og Norden. Det er eit mål å gjennom møteplassar og seminarar å kunne auke kompetansen i miljøet og sette eit ekstra fokus på sjangeren.
Velkomen til årets Folkelarm.
Med helsing frå
Aslak Brimi, dagleg leiar i FolkOrg
Ann Helen Erichsen, prosjektleiar i Folkelarm
TAKK JA TIL INVITASJONEN VED Å FYLLE UT SKJEMAET UNDER:

