Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
jÌürn hilme jan granli

Jan Beitohaugen Granli (N)

Jan Beitohaugen Granli er ein hardingfelespelemann frå Valdres. Han har runda 31 år, og spelt i 24 av dei, mellom anna i lære hjå Trygve Bolstad, Tore Bolstad, Harald Røyne, Terje Chr Hansen og Olav Jørgen Hegge. - Tradisjonsmessig spelar eg det meste frå Valdres, men har dei siste åra konsentrert meg mest om spelet frå Øystre Slidre, seier han sjølv.

Jan Beitohaugen Granli har heile 5 landskappleiksigrar i hardingfele klasse A, og har òg vunne Fanitullprisen på Den Norske folkemusikkveka tre gonger.  Han har gjeve ut 2 CD-ar: Lite nemmar (2003) og På Beitohaugen (2010), båe på plateselskapet ta:lik. Han jobbar til dagleg som hardingfelelærar i Kulturskulen i fire kommunar i Valdres, og har spelt på mange kurs i inn- og utland, både som dansespelemann og som musikklærar.

Aftenposten kalte På Beitohaugen for “inspirerte toner”, og skreiv m.a.: “Spillet er levende og følsomt, direkte, enkelt og usminket. Klangen i fela er altomfavnende, mens tonene breier grunnen for en framifrå lytteropplevelse.” Dagsavisen nøyde seg med å slå fast at utgjevinga var “som smidd til Spellemannprisen”. Vi kan kanskje seie det endå litt enklare: Under Folkelarm 2011 får du rett og slett høyre ein meisterspelemann.

Jan Beitohaugen Granli | hardingfele


Språk Norsk - Norwegian