
FOLKELARMUNG - SCENA
Magnhild Garnås Haugen
Lørdag under Marked&Musikk presenterer vi unge talenter, enda under utdanning og med et stort potensial.
FolkelarmUng-Scena
15. november
Caféscenen
Magnhild Garnås Haugen er ein folkesongar frå Hjartdal i Telemark. Ho har vore aktiv songar og kvedar heile livet, og begynte hausten 2024 på ein utøvande bachelor i folkesong på Noregs Musikkhøgskule i Oslo. Trass ung alder kan ho vise til fleire gode kappleiksplasseringar, og vann ved landskappleiken på Gol i 2024 fysteplassen i vokal,klasse B. På landskappleiken i 2025 rykte ho opp i A-klassa. Ho var ein av 50 vinnarar av
Drømmestipendet 2024, og fekk same året tildelt Skue sparebank sitt talentstipend. Med både mor og bestemor som kvedarar, har Magnhild fått god undervisning og oppfylgjing heime, og har lært heile livet om tradisjonsmusikken frå Telemark og
historiene rundt den. I tillegg til undervisning i heimen har ho gått fleire år på kulturskule og musikklinje. Ho jobbar også innanfor sjangrar som jazz, rock og visesong, og trivast godt i dei fleste musikalske uttrykk.

