Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Folkelarmartist 2025 - WEB Header _ for lyst bilde  (1)

MALMIN OG VETRHUS

FOLKELARMARTIST 2025

MALMIN OG VETRHUS (NO)

Når tradisjon blir handsama med fryktlaus kjærleik, kan band som Malmin oppstå. 
Duoen, som har spesialisert seg på tradisjonsmusikk frå Rogaland, har laga plate i trespann med folkesongar og suldøl Åshild Vetrhus. Det har blitt til eit minimalistisk, medrivande album av løynde lokale skattar frå gamle kjelder og arkivopptak. 

Malmin sitt prosjekt er å formidle det djupt menneskelege i denne musikken og opne han opp for den moderne lyttaren. Og vegen dei har tatt går via hjartet. Fele, langeleik, song og spesialbygd elgitar og mandolin blir fargelagt av vreng og forsterkarar. I møtet med moderne teknologi blir slåttane endå mektigare, og opnare – både for kjennarar av folkemusikk så vel som som for tilhengjarar av dronete, suggererande musikk i meir elektriske sjangrar utanfor hovudstraumen. 

Utan kjende konsertfelespelarar i regionen, blei slåttemusikken i Rogaland aldri modernisert og bygd ut for bruk i framsyningar og konsertar. Slik bevarte denne musikken ein råskap og originalitet som tidvis er meir rock enn rocken sjølv. Derfor er det kanskje ikkje overraskande at rogalandsmusikken skulle bli møtepunktet for Anders Hana, som har bakgrunn frå eksperimentell støyrock, og Olav Christer Rossebø, som i årevis har bygd bruer i terrenget mellom norsk alternativ pop og folkemusikk frå USA, Hellas og Norge. 

På en konsert med Malmin og Vetrhus finst musikk for fest, for å elska, for å bøta på og omvenda seg – og musikk for å døy. Framført med driv, varme og kjærleik for fortida med tre par føter solid planta i våre dagar. 

Olav Christer Rossebø -  fele, hardingfele og mandolin 
Anders Hana -  langeleik, el-gitar og munnharpe 
Åshild Vetrhus - vokal og tromme 

 
Info/booking: 
E-post:olavchrister@gmail.com 
Musikk


MALMIN AND VETRHUS (NO)

When tradition is handled with fearless love, bands like Malmin can emerge.
This duo, specializing in traditional music from Rogaland, has created an album in collaboration with folk singer and Suldal native Åshild Vetrhus. The result is a minimalist and compelling collection of hidden local treasures, drawn from old sources and archival recordings.

Malmin’s mission is to convey the deeply human essence of this music and open it up to the modern listener. And the path they’ve taken leads straight through the heart. Fiddle, langeleik, vocals, and custom-built electric guitar and mandolin are enhanced with distortion and amplifiers. Meeting modern technology head-on, these traditional tunes become even more powerful—and more open—to both seasoned folk music fans and lovers of droning, hypnotic sounds from the fringes of the electric music world.

With no prominent concert fiddlers in the region, Rogaland’s fiddle music was never “modernized” or adapted for stage performance. As a result, the music has retained a rawness and originality that at times feels more rock than rock itself. It’s perhaps no surprise, then, that this music became the meeting point for Anders Hana, with roots in experimental noise rock, and Olav Christer Rossebø, who has long been building bridges between Norwegian alternative pop and folk music from the U.S., Greece, and Norway.

A concert with Malmin & Vetrhus holds music for celebration, for love, for healing and repentance—and music for dying. Performed with energy, warmth, and deep affection for the past, with all six feet planted firmly in the present.

Olav Christer Rossebø – fiddle, Hardanger fiddle, and mandolin
Anders Hanalangeleik, electric guitar, and jaw harp
Åshild Vetrhus – vocals and drum

Info/booking: 
Email:olavchrister@gmail.com 
Music

Språk Norsk - Norwegian