
MAMELUKK - Livmødre
FOLKELARMARTIST 2025
LIVMØDRE (NO) - danseforestilling
Kvinnekroppen endrar seg i naturleg syklus kvar månad, og gjennom store overgangar som å bli mor.
Fem kvinnelege dansarar utforskar korleis desse overgangane kan tematiserast i hallingtakt. Er det mogeleg å uttrykke noko av det mest kvinnelege som finst gjennom ein dans som alltid har vore utvikla på menn sine premissar? Gjennom kreativ prosess rundt menstruasjon, eggløsning og graviditet har dei leita etter ny dans via opprivne magemusklar og hattespark som aldri har vorte hylla. Dei ynskjer å vise eit rått og ærleg bilete av korleis det er å vera kvinneleg hallingdansar. Og kanskje er det ein ny type tradisjonsdans som kjem ut på andre sida.
Mamelukk består av sterke, kvinnelege dansarar med ei felles kjerne i folkemusikk og folkedans. Kompaniet er kjent for si saumlause samanfletting av musikk, dans, tradisjon og samtid. Utforsking av musikalitet, stemmebruk og feminin tolking av rørslemateriale med rot i folkedansen står sentralt i kompaniet sitt kunstnarlege uttrykk. Kunstnarleg leiar for Mamelukk, Silje Onstad Hålien, er kjent for å tilgjengeleggjera folkemusikken og -dansen for eit breitt publikum. Silje har vorte kåra til Årets folkemusiker, og var også den fyrste og lenge einaste kvinna i Noreg som var kvalifisert til Eliteklassa i hallingdans.
Koreograf og utøvar: Silje Onstad Hålien
Komponist og utøvar: Selma French Bolstad
Dramaturg: Susanne Marko
Kostymedesign og scenografi: Signe Vasshus
Lysdesign og scenografi: Daniel Kolstad Gimle
Kreativ produsent: Rannveig Øygardslia
Medskapande utøvarar:
Anita Vika Langødegård, Brigitte Blomlie, Margit Myhr/Silje Risdal Liahagen, Solveig Hårdnes, Solveig Wang
Info/booking:
Rannveig Øygardslia - post@rivjodn.com + 47 975 56 457
Nettside
Livmødre er laga i samproduksjon med Riksscenen og Sprang, med støtte frå Kulturrådet, NOPA, Valdresmusea og Folkemusikkveka.
LIVMØDRE (NO) - Danceeperformance
The female body changes in a natural cycle each month, and through major transitions such as becoming a mother.
Five female dancers explore how these transitions can be expressed in the rhythm of the halling dance. Is it possible to convey one of the most inherently female experiences through a dance that has traditionally been shaped by male standards? Through a creative process centered on menstruation, ovulation, and pregnancy, they have searched for new movement—through torn abdominal muscles and hat kicks that were never celebrated. They aim to present a raw and honest portrait of what it means to be a female halling dancer. And perhaps, a new kind of traditional dance will emerge on the other side.
Mamelukk is made up of strong female dancers with a shared foundation in folk music and dance. The company is known for its seamless blending of music, dance, tradition, and contemporary expression. Central to Mamelukk’s artistic voice is the exploration of musicality, vocal use, and feminine interpretations of movement rooted in folk dance. Artistic director Silje Onstad Hålien is known for making folk music and dance accessible to broad audiences. She has been named Folk Musician of the Year and was the first—and for a long time the only—woman in Norway qualified for the elite level in halling dance.
Choreographer and performer: Silje Onstad Hålien
Composer and performer: Selma French Bolstad
Dramaturg: Susanne Marko
Costume design and scenography: Signe Vasshus
Lighting design and scenography: Daniel Kolstad Gimle
Creative producer: Rannveig Øygardslia
Collaborating performers:
Anita Vika Langødegård, Brigitte Blomlie, Margit Myhr / Silje Risdal Liahagen, Solveig Hårdnes, Solveig Wang
Info/booking:
Rannveig Øygardslia - post@rivjodn.com + 47 975 56 457
Website
Livmødre is created in co-production with Riksscenen and Sprang, with support from the Arts Council Norway, NOPA, Valdresmusea, and Folkemusikkveka.
