×

☰ Meny
nils ¿kland nov 04 foto: lars o.

Nils Økland & Sigbjørn Apeland (N)

Komponisten og felespelaren Nils Økland er frå Haugesund, og har lenge vore ein banebrytar innan både kunstmusikk og tradisjonsmusikk. Han jobbar gjerne i gråsona mellom norsk folkemusikk, improvisasjon og moderne musikk. Alle dei fire albumutgjevingane hans må reknas som musikalske milepælar her heime, frå Blå harding i 1996 til Monograph i 2009.

Organisten Sigbjørn Apeland likar seg i grenselandet mellom folkemusikk, kyrkjemusikk og impro. Han kom tidlegare i år med sitt første soloalbum, Glossolalia, som vart omtala som ”et modig og utfordrende album med improvisert musikk for harmonium”.

Både Økland og Apeland har vore musikalske leiarar ved Ole Bull Akademiet. I 2010 slo dei seg i hop for å lage plata Lysøen – hommage à Ole Bull (2011), der dei utforskar toneverda til Ole Bull.
- Albumet presenterer delvis våre eigne arrangement og improvisasjonar basert på musikk vi veit at Bull framførte, og delvis komposisjonar inspirert av Ole Bull.

Under Folkelarm på Riksscenen vil dei spele ein konsert saman, i tillegg til at Nils Økland òg vil gjere ein eigen solokonsert basert på musikken frå Monograph.

Nils Økland | fele, hardingfele
Sigbjørn Apeland | trøorgel
Møst logoOslo kommune logoSamspill