sudandudan_700x630

Heimen der ute - Sudan Dudan

VINNER AV FOLKELARMPRISEN KATEGORI TRADISJONELT SAMSPILL 2018
Å vente på ny musikk frå denne duoen, er som å lengte heim. No kjem endeleg den fjerde plata og stiller lengten med ”Heimen der ute” . Fem år er gått sidan Marit Karlberg og Anders Røine ga ut plata ”Inntil i dag”. Platemeldarane var over seg. Smale og små publikasjonar, breie og riksdekkande aviser; alle var dei fulle av lovord, terningane trilla til femmarar og seksarar. – ”Årets beste norske plate” er store ord for ein liten duo frå folkemusikk-land. Dei to smålåtne musikarane let seg ikkje blende. Dei trivst (minst) like godt i den musikalske hola si som i rampelyset. Denne gongen valde dei bort profesjonelle studio til fordel for ein støl i Valdres og ei fjellkyrkje i Telemark. Under barrikadar av store trebord på høgkant dekka av gamle madrassar skaper dei eit rom for tonane, der samspel, improvisasjon og nærleik er dei høgste kvalitetane. Innspelinga av den nye plata skjer live frå denne heimestabla tipien. Sudan Dudan har eit trufast publikum i folkemusikkmiljøet. Både Karlberg og Røine står fjellstøtt i tradisjonsmusikken gjennom song, langeleik, fele og munnharpe. Som mange andre konstellasjonar finn dei inspirasjon i andre sjangrar som country og bluegrass, men også i ørkenblues og salmesong. Slik er det også i ”Heimen der ute”. Berre tre av dei elleve spora er opphavleg tradisjonelle folketonar/tekstar. Dette er ei utvikling som viser at duoen meir og meir slepper til eige stoff og tør å stole på kvaliteten i eigne tekstar og melodiar. Det har dei all grunn til. Etter den førre plata fekk duoen eit større publikum. Det var som om musikk-Noreg endeleg oppdaga dei. Dei vart samanlikna med Gillian Welsh og Dave Rawlings, som ein løyndom som hadde traska rundt utan at ”nokon” visste om dei. Odd Nordstoga, som var produsent på førre plate, var utan tvil ein fødselshjelpar i så måte. Finsliping og perfeksjon gjorde ”Inntil i dag” til eit marknadsvenleg og fengande produkt, utan at duoen mista seg sjølve i det. I løpet av desse fem åra har Sudan Dudan spelt på ei rekkje festivalar og Anders Røine har plukka med seg ein Spellemannspris. Mange ser fram til ny musikk frå denne løyndomsfulle duoen. Og no har dei altså valt å strippe produksjonen att, gå tilbake til eit uttrykk som liknar meir på dei første to utgjevingane frå 2006 og 2010 (Sudan Dudan og Kari og Ola). Heile vegen har dei dyrka den doble klangbotnen, både musikalsk, tekstleg og tematisk. Dette blir tydelegare att i ”Heimen der ute”. Les tittelen ein gong til og du vil forstå. Høyr på songen som heiter ”Festen”, som er så skjerande sår. Lytt til instrumenta som blandar seg med lys og mørke, stemma til Marit, iblant monumental i styrke, andre gonger berre eit pust. Instrumenteringa til Anders, briljant og søkande. Det er kanskje ikkje så lett, denne gongen, å setje på Sudan Dudan til u-invigde og skape umiddelbar begeistring. ”Heimen der ute” er ikkje så friksjonsfri, men den er genuin. Gjennom Valdres-fjell og Grorud-dalar via tipien i Telemark har tonane funne nye vegar og gamle stigar, dei flettar seg i kvarandre og søkjer seg heim og søkjer seg ut. Ta i mot dei når dei kjem. Tekst fra påmeldingen til Folkelarmprisen

Plateselskap Ta:lik

Hør plata på spotify her


 

GroKjellebergSolli_700x700

Stien eg fann - Gro Kjelleberg Solli

«Sjå! Det huset har eg vore med og sett i stand!», får eg ofte høyre frå handverkarar. «Høyr! Desse tonane har eg vore med og forma», kan eg med denne plata seie som musikar. Her er eit utvalg av repertoaret som har fulgt meg på konsertscener dei siste åra, saman med musikarar eg har samarbeidd lenge med. Du får høyre folketonar frå Nordmøre og Romsdal, stubbar og viser frå Os i Østerdalen og Røros, samt tre eigenskrivne songar som er mitt uttrykk i dag. Med meg har eg musikarane Øystein Sandbukt, Erik Oddmund Fostervoll og Marit Aspås. Folkemusikken var opprinneleg bruksmusikk. Om det var for å bysse barnet i søvn, underhalde, gje håp eller danse, fantes det alltid ein song. Her er nokre av tekstene og musikken eg fann. Håpar det fell i smak! Tekst fra påmeldingen til Folkelarmprisen

Plateselskap: Ta:lik

Hør plata på spotify her


 

MargreteNordmoen_700x630

Skal du langt - Margrete Nordmoen

Sammen med Annar Nohre By på gitar/sang og Vegar Vårdal på fele, har hun spilt inn et lite knippe låter som har levd lenge øst i skoga i Hedmark. Margrete sier om Skal du langt: «Alle de utrolig fine sangene som vi ikke vet hvem som har laget, men som mange har sunget mye, formet og gjort til sine, de går aldri ut på dato. Noen av disse har blitt mine favoritter og på denne plata har jeg gjort et lite utvalg blant sanger jeg har sunget i årevis, og sanger jeg har funnet fram i det siste. Jeg liker å tenke på at sangene er formet og farget av mange levde liv – folk her øst i skoga har tenkt kloke tanker som inspirerer. Jeg eier ingen skoger, men jeg har min skog. Jeg eier ingen av disse sangene, men de er mine sanger.» Repertoaret er variert, det byr på alt fra såre kjærlighetsviser og het romantikk, til vare bånsuller og heftig dansemusikk! Det er tradisjonsmusikk og sanger fra områder der Margrete kommer fra, bor og har tilknytning, altså Trysil/Engerdal, Hedmarken, samt Østerdalen og Finnskogen. Uttrykket varierer mellom Margretes stemme alene, på folkesangerens tradisjonelle vis, og arrangementer med de tre musikerne i lekent samspill. Tekst fra påmeldingen til Folkelarmprisen

Plateselskap: Ta:lik

Hør plata på spotify her


 

Sogesong_700x700

Så vide fara dei lindarord - Sogesong

To av landets fremste folkemusikere, Øyonn Groven Myhren og Anne Hytta, går sammen om duoen Sogesong og en plateutgivelse med rykende ferske, friske og originale tolkninger av eldgamle viser som var godt gjemt, men ikke helt glemt. – For noen år siden begynte vi å nærme oss det rike repertoaret av telemarksballader sammen. De forunderlige melodiene og eventyrlige fortellingene ville oss noe. Vi har vekt dem fra dvalesøvn på dødt papir, og sunget og spilt på disse godt gjemte middelalderske eventyrvisene til de smått om senn har fått et liv som vi synes kler dem, forteller Øyonn og Anne i duoen Sogesong. Tekst fra påmeldingen til Folkelarmprisen

Plateselskap: Heilo/Grappa musikkforlag

Hør plata på spotify her