Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Folkelarmartist 2025 - WEB Header _ NORTOPIA

NORTOPIA

FOLKELARMARTIST 2025

NORTOPIA (NO)

Med friske melodiar og presist samspel vekkjer Nortopia dansefoten!

Trioen Nortopia er som ein frisk vind frå Vestlandet, fengande og full av liv, og tek deg med på ei berikande musikalsk reise. Med Ingrid Sørheim på durspel, Johanne Mjøs på hardingfele og fele, og Kristian Wolski på cittern, inviterer Nortopia publikum inn i ei verd der vakre melodiar møtest i delikat samspel. 

Med utspring i tradisjonen frå Hardanger og Voss, pustar Nortopia nytt liv i gamle slåttar, med ein særeigen stil som senkar skuldrene til lyttaren. Med inspirasjon frå norske Sver, svenske Väsen og engelske Simpson/Cutting/Kerr, leikar dei med instrumenta sine roller og skapar eit musikalsk uttrykk som både er moderne og tidlaust. 

Prosjektet deira løftar fram verdien av små slåttar med sterk sjel. Med nye arrangement og eit lyrisk lydbilete ynskjer Nortopia å gjera folkemusikken meir tilgjengeleg for eit breitt publikum – både dei som kjenner folkemusikken godt, og dei som møter han for første gong. 

Nortopia såg dagens ljos i starten av 2023 og har sidan den gong spelt på fleire større musikkscener og sleppt dei to singlane «Kari Selland» og «Fjellmannjenta» på Melovitten. Med debutalbumet som kjem i november 2025, rett før Folkelarm, er dei klare for å ta Vestlandets musikk ut i verda. 

Ingrid Sørheim  – Durspel 
Johanne Mjøs  – Hardingfele og fele 
Kristian Wolski  – Cittern  

Info/booking: 
E-post: nortopiamusic @gmail.com 
Nettside
Spotify 


NORTOPIA (NO)

With vibrant melodies and tight interplay, Nortopia awakens the urge to dance!

The trio Nortopia is like a fresh breeze from Western Norway—catchy, full of energy, and ready to take you on a rich musical journey. With Ingrid Sørheim on diatonic accordion, Johanne Mjøs on Hardanger fiddle and fiddle, and Kristian Wolski on cittern, Nortopia invites the audience into a world where beautiful melodies meet in delicate harmony.

Rooted in the traditions of Hardanger and Voss, Nortopia breathes new life into old fiddle tunes with a distinctive style that encourages listeners to relax and be carried away. Drawing inspiration from Norwegian Sver, Swedish Väsen, and the English trio Simpson/Cutting/Kerr, they play with the roles of their instruments to create a sound that is both modern and timeless.

Their project highlights the value of small tunes with great soul. With new arrangements and a lyrical soundscape, Nortopia seeks to make folk music more accessible to a wide audience—both to those deeply familiar with the genre and to newcomers encountering it for the first time.

Nortopia came to life in early 2023 and has since performed on several major stages, releasing the singles “Kari Selland” and “Fjellmannjenta” on the Melovitten label. With their debut album set to launch in November 2025—just ahead of Folkelarm—they’re ready to bring the music of Western Norway out into the world.

Ingrid Sørheim  – accordion 
Johanne Mjøs  – hardanger fiddle, fiddle
Kristian Wolski  – Cittern  

Info/booking: 
Email: nortopiamusic @gmail.com 
Website
Spotify  

Foto: Henrik Johansson Kull
Språk Norsk - Norwegian