Laurdag 21. november 
Kl. 12:00 - 12:30
Klubbscenen 

Frå idé til fagplan – korleis lage ein lokal fagplan i folkemusikk og folkedans?

Korleis kan vi sikre at barn og unge får kjennskap til og opplæring i sine lokale folkemusikk- og folkedanstradisjonar? Og korleis går ein konkret fram for å utvikle ein lokal eller regional fagplan?

I Setesdal har dei utvikla fagplanen Folkemusikk 1-2-3-4, som skal bidra til å gjere den lokale kulturarven til ein naturleg del av opplæringa i grunnskulen.

På dette praksisnære seminaret deler Leiv Solberg og Åse Løvland erfaringane frå arbeidet i Setesdal. Dei tek oss gjennom prosessen frå idé til ferdig fagplan: Korleis kome i gang, kven bør involverast, korleis samarbeide med skular og kommunar, og korleis velje ut og leggje til rette relevant tradisjonsmateriale?

Målet er å gje deltakarane konkrete råd, verktøy og inspirasjon til å setje i gang tilsvarande arbeid i sin eigen kommune eller region.

Seminaret passar særleg for representantar frå lokale og regionale folkemusikk- og folkedanslag, kulturskular, kommunar og andre som arbeider med opplæring og vidareføring av lokale tradisjonar.

Seminaret er finansiert av Dextra Musica og Sparebankstiftelsen DNB.

For spørsmål, ta gjerne kontakt: 
Live Visdal
Rådgjevar i FolkOrg
live@folkorg.no 
tlf. +47 974 15 515

 

Foto:
Hugnadheim halling, lagdans junior - Landskappleiken på Hovden 2026
Runhild Heggem

 


PÅMELDING