Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Sudan Dudan_framside

Sudan Dudan (N)

Sudan Dudan tek utgangspunkt i gamalt slåttemateriale og vokal songtradisjon. Materialet vert brukt i ein slags resirkuleringsprosess, der musikarane finn bitar av gamalt og syr saman til nytt. Dei skriv gjerne nye tekster og tonar der det trengs, og vil gjerne dele fascinasjonen for tidlegare tiders musikalske uttrykk.

Sudan Dudan har gjeve ut to kritikarroste CD-ar, Sudan Dudan (2006) og Kari & Ola (2010). Dei utforskar det enkle duoformatet og moglege samspelformer i den solistiske norske folkemusikktradisjonen, og har si musikalske forankring i vokal- og slåttemusikken sør og vest for Jotunheimen. Dei skriv også ny musikk og nye tekster over gamal lest, og brukar samspel, vokal- og instrumentalteknikkar av nyare dato saman med eldre stiltrekk og tonalitet.

Dei aktive arrangørane i Havresekken hylla nyleg Sudan Dudan på denne måten:“Her får du norske skjemteballader, ridderviser og bånsuller pakket inn i vindskeiv amerikansk old time. Duoen leverer vakre og uendelige triste tradisjonsperler fra fjelltrakter fjernt og nært, anført av langeleik, gitar og vokal”.

Marit Smedsrud Karlberg | langeleik, vokal
Anders Erik Røine | gitar, vokal, munnharpe, hardingfele
 

HJEMMESIDE: http://www.sudandudan.com

Språk Norsk - Norwegian