
FOLKELARMUNG-SCENA
Suigard
Lørdag under Marked&Musikk presenterer vi unge talenter, enda under utdanning og med et stort potensial.
FolklelarmUng- scena
15. November
Caféscenen
Caféscenen
Suigard er ein ny duo i spagat mellom tradisjon og nyskaping. Duoen består av Vegard Hosarøygard frå Lom på gitar, og Sunniva Langås-Røiland frå Bø på hardingfele. Båe er studentar ved Noregs musikkhøgskule, der dei møttest hausten 2024 og raskt byrja samspelet. Sumaren 2025 brukte dei på å spele rundt i kongeriket, frå Helgeland til Telemark.
Suigard komponerer musikken sjølv, med eit særskild fokus på dansetakt. Repertoaret leiker med kontrastane mellom nytt og gamalt – noko som og speiler seg i ei litt uvanleg besetning. Dei hentar inspirasjon frå både keltisk og amerikansk folkemusikk, men mest av alt den nordiske. Du vil òg høyre inspirasjon frå jazz og rock. Med Suigard får du ei musikalsk oppleving i ny tradisjon - som får det til å rykkje i dansefoten.

