×

☰ Meny
Foto: Ingvil Skeie Ljones

Viken / Brimi (N)

Duoen Viken/Brimi er Aslak Brimi og Erlend Viken. Både Aslak og Erlend kjem frå folkemusikkfamiliar, og jobbar aktivt med å ta vare på og utvikle slåttemusikk frå tradisjonsområda deira høvesvis Lom og Oppdal.

Viken/Brimi gjev denne sommaren ut si andre plate på ta:lik. Den fyrste, “Duo”, hausta gode kritikkar, og fekk Folkelarmpris i 2009.

Erlend Viken har bachelor i folkemusikk frå Norges Musikkhøgskule og er, i tillegg til å spele med Aslak Brimi, ein del av bluegrassbandet Earlybird Stringband. Han har elles mange oppdrag som soloutøvar og ensemblemusikar, og har turnert med Frikar Dance Company, Aasmund Nordstoga og Majorstuen. 



Aslak Brimi er lektor i realfag, men har også folkemusikkutdanning frå Rauland. Han har toppa A-klassen i fele på Landskappleiken fleire gonger, og er ein våre viktigaste tradisjonsberarar av tradisjonsmusikken frå Ottadalen. Aslak er frontfigur i bandet Svermere.

To feler i samspel er av dei eldste samspelformene vi har. Likevel er det ikkje så vanlig i dag som ein skulle tru. Ein får sjeldan anledning til å høyre samspel med berre to feler på scener, og det er like sjeldan å høyre på dagens folkemusikkutgjevingar. På Folkelarm gjer vi noko med det.

Erlend Viken | fele, oktavfele
Aslak Brimi | fele
 

SamspillOslo kommune logoMøst logo