Introfolk 2026 - finale
19.11.26Bli med på Introfolk - finalekonsert 2026 torsdag 19. november kl. 20:00.
Tre finalister skal konkurrere om tittelen Årets unge utøver

Introfolk - finalekonsert
Torsdag 19.november
kl. 20:00 - 21:10
Hovedscenen
Det er nå klart hvilke tre artister som skal møtes i Introfolk - finalen under Folkelarm. Les pressemelding her.
Lanseringa av Årets unge folkartist 2026 skjer i samarbeid med Sparebankstiftelsen DNB og Talent Norge. Vinnaren får ein turné på speleplassar og festivalar i Noreg i 2027 og eit tilrettelagt mentorprogram som blir laga i samarbeid med artisten. Mentorprogrammet blir lagt opp etter ønska og behova til utøvarane, og kan innehalda mellom anna møte med bransjeaktørar for ein introduksjon til livet som profesjonell utøvar, tilrettelegging av møteplassar og nettverksbygging og dessutan opplegg for kunstnarisk utvikling.
IntroFolk er eit mentor- og utviklingsprogram i regi av FolkOrg for unge, lovande musikarar og dansarar. Det overordna målet er å styrke norsk og samisk folkemusikk og -dans, samt å vere ein bidragsytar for lovande tradisjonsutøvarar som er i startgropa av karrieren sin. Seks artistar velgast ut til programmet. Dei får mentorering og vegleiing - for å utvikle seg som utøvarar. Under finala på Folkelarm i november vert ein ståande att som Årets unge utøver 2026.
![]() |
| Foto: Isa Holmgren |
Sindre Tronrud (Fagernes)
Sindre Tronrud er ein hardingfele- og felespelar frå Valdres med base i Oslo. Han har djupe røter i folkemusikktradisjonen frå heimtraktene, noko som dannar grunnlaget for kunstnarskapet. Dette materialet utforskar og vidareutviklar han stadig i arbeidet sitt med musikken.
Sindre presenterer eit soloprogram for hardingfele, der slåttemusikken og historiene står i fokus. Kjernen i programmet er det breie slåttematerialet frå Valdres, der han løftar fram både historier, ulike slåttetypar og dei mange legendene dalføret har å by på.
![]() |
| Foto: Knut Utler |
Magnhild Garnås Haugen (Hjartdal)
Magnhild Garnås Haugen er ein ung folkesongar frå Hjartdal i Telemark. Ho har sidan barndommen lærd å kveda i heimen, og har på kort tid utmerkt seg på konsert- og kappleiksscena. I dag tek ho ein bachelor i utøvande folkemusikk ved Noregs Musikkhøgskule og er aktiv frilans som pedagog, soloutøvar og i ulike grupper og ensemble, både med tradisjonelt og nyare materiale.
Med eit breitt repertoar og rik kunnskap om tradisjonen, tek ho med publikum inn i historiske slag og tragiske kjærleiksviser, opp på setervollen eller ut på dansegolvet. Historiene bak musikken veg tungt, og som utøvar jobbar ho for å formidle desse forteljingane og stemningane, gjennom songen. Magnhild har også tileigna seg eit særeigent og breitt slåtterepertoar, og jobbar engasjert med oversetjing av slåttar frå hardingfele til vokal. Med eit brennande engasjement for å lyfte vokalmusikken og historiene som høyrer til, ynskjer ho å setje den i kontekst, og vise den fram i si reine, nakne form.
![]() |
| Foto: Thomas Westling |
Hannah Moira & Ivar (Valestrandsfossen/Malm)
Hannah Moira Midtbø-Bruner (Osterøy) og Ivar Blekastad Haugen (Innherred) er ein duo med fele/hardingfele og trekkspel. Dei arbeider med nykomponert folkemusikk, med vekt på samspel, arrangement og tydeleg dansedriv.
Dei løftar også fram slåttar som er mindre i bruk i dag, og har eit særleg fokus på komposisjonar av seg sjølve, familie og venner. Hannah Moira og Ivar møttest gjennom ulike arrangement og via studium i folkemusikk ved Ole Bull Akademiet og Noregs musikkhøgskole.
Som duo debuterte dei under Landsfestivalen i 2025, og har sidan hatt eit aktivt samarbeid. Dei utforskar folkemusikk frå heile landet, både som solistar og i samspel, og har opparbeidd seg eit breitt og variert repertoar.






