22. November
Kl 14:00 - 14:50
Klubbscenen
 
Over fleire år har det gått ein diskusjon på kva dei regionale sjangersentrene skal og bør vere. Skal vi sjå til jazzen? Eller er folkemusikkfeltet så særegent at vi skal finne våre eigen struktur?
 
Både stortingsmeldinga Kunstnarkår og NOUen Musikklandet omhandlar regional struktur og regionale sjangersentre. Det står om kor viktige dei er. På folkemusikkfeltet har vi så få! Kva skal vi gjere for å få fleire, og kva konstruksjon skal dei ha? Og kva rolle skal dei ha?
 
Fjelldansen er eit regionalt kompetansesenter for folkedans, og vert nå satsa på av statsråden Lubna Jaffery ved å få auka tilskot. Vi får høyre frå Hallgrim Hansegård, dansaren bak Fjelldansen, om kva dette senteret er og gjer, og kva det vil kunne gje folkedansfeltet. 
 
Dette blir ei panelsamtale der vi diskuterer kva rolle dei regionale sentra kan ha, og korleis vi kan arbeide for å få på plass fleire. 
 
Medverkande:
 
Hallgrim Hansegård (Fjelldansen)
Heidi-Iren Wedlog Olsen (Fylkeskultursjef i Møre og Romsdal)
Solbjørg Tveiten (Direktør i Musikk i Innlandet)
Lene Furuli (Utvalsmedlem i Musikklandet)
 
Moderator: Aslak Brimi